Frist for innsending av omsetningsoppgåva er 1. mars.
Jf. Alkohollova §7-1 skal det for løyve til sal og skjenking av alkoholholdig drikk, utanom Vinmonopolet, betalast eit årleg løyvegebyr. Størrelsen på gebyret vert regulert etter kor mykje alkohol du sel, og omsetningsoppgåva er grunnlag for berekning av gebyret. Satsane for gebyret finn du i §6-1 i alkoholforskrifta.
Gebyret vert fakturert på forskot med grunnlag i forventa omsetning. Når løyvehavar har levert inn oppgåva vil kommunen foreta ei berekning mellom stipulert og faktisk omsetning. Ved avvik vert det gjort eit etteroppgjer.
Ved opphøyr eller sal av verksemda skal omsetningsoppgåva sendast inn så snart den ligg føre.
Kva skjer viss du ikkje leverer oppgåva eller ikkje betaler gebyret?
- Viss du ikkje leverer omsetningsoppgåva innan fristen, får du tildelt to prikkar.
- Viss du ikkje betaler gebyret innan fastsatt frist får du to prikkar.
- Får du tolv prikkar eller meir i løpet av to år, vil løyvet bli inndrege i minimum ei veke.