Markering av Ulladalsvegen 100 år

laurdag 31. august 2024, 10.15 - 18.00

Informasjon

Ulladalsvegen vart opna i 1924 og er 100 år i år.  Me markerer dette med tur og middag 31. august. 

Du kan bli med på ein turmarsj som går frå «Rabbane», der vegen i si tid enda, og ned til Kromshagen der hengjebrua over til Moldbakken ligg. Det blir også arrangert ein middag etter turen. 

Påmelding innan 26. august til Organisasjon og innbyggarkontakt i Suldal kommune.  postmottak@suldal.kommune.no Telefon: 52792200

Kor

 “Rabbane” før kl. 10.30, 31. august. 

 

Korleis? 

Du kan køyre eigen bil til parkering langs vegen i Kromshagen. 

 

Skyttelbuss

Mellom Kromshagen og Ulladalen. Fylgjer med “toget” og plukkar opp folk som ønskjer skyss, først til skulen, deretter ned til Kromshagen. 

 

Buss

Frå Nesvik ca. 09.35. Retur frå Kromshagen ca.  kl. 17:00. Bussen køyrer til «Rabbane». 

Ferje frå Hjelmeland kl. 09:20 om de vil bruka buss heile vegen frå / til Nesvik. Gje beskjed ved påmelding.

 

Program

  • Velkommen.
  • Ca. 20 minutt historie frå Ulladalen.
  • Turmarsj 1. etappe frå «Rabbane» og ned til skulen / gravplassen. 
  • 1,5 - 2 timars matøkt og program ved skulen. Der vert servert ymse drikke, lappar og pølser.
  • Turmarsj 2. etappe frå skulen og ned til Kromshagen.

Undervegs blir det korte stopp med informasjon om stader me passerer.

 

Påmelding

Innan 26. august kl. 12:00

Kontakt Organisasjon og innbyggarkontakt Suldal kommune: postmottak@suldal.kommune.no eller Telefon: 52792200

 

Pris:

Prisen inkluderer all busstransport og servering av mat og drikke på turen.

Vaksne: kr. 300,-
Born under 15 år: kr. 100,-

Du betaler på forskot til Suldal Sogelag. Bank: 3202.20.32576   Vipps nr.: 541803

 

Middag på Fjordahuset

Pris kr. 200,-
Dei som ønskjer det kan bestilla middag på Fjordahuset etter turen, ca. 16:30 til 18:00. 

Gje beskjed ved påmelding. Betalast ved henting.

 

Har du spørsmål? 

Kontakt Suldal Sogelag ved Dagfinn Helland telefon 412 66 217

 

Stad

Rabbane
 

Kontakt

Suldal Sogelag
4239 Sand

Tlf.: 93268776

E-post : suldal.sogelag@gmail.com

Nettstad: suldal-sogelag.no

Dagfinn Helland
Legg til hendinga i din kalender