Reglement for politiske organ og innsynsrett for folkevalde

3 C - Særskilt reglement for formannskapet

§ 1 Ansvarsområde og gjeremål

Formannskapet har 7 medlemer med varamedlemer valde av kommunestyret etter dei reglar som går fram av kommunelova § 5-6.

Ordføraren leiar møta i formannskapet.

Forutan det ansvaret og dei gjeremål som er pålagde formannskapet direkte etter kommunelova, har formannskapet følgjande ansvarsområde og gjeremål:

  • tverrsektorielt interkommunalt samarbeid og kontakt
  • overordna leiing og samordning av den kommunale verksemda
  • kommuneplanlegging
  • overordna næringsutviklingsarbeid
  • overordna miljøarbeid
  • sivilt beredskap
  • ta avgjerd i saker som kommunestyret har gitt formannskapet fullmakt til å avgjere
  • klagenemnda for saker handsama i andre organ  

Formannskapet fører kontroll med at vedtak innafor sitt ansvarsområdet blir utførte.  

§ 2 Vedtaksmynde

Formannskapet tek avgjerd i alle saker som ikkje vert avgjort av kommunestyre, og i saker som ikkje vert avgjort i ander organ etter lov eller delegert munde. Dette gjeld og fråsegner og tilrådingar til KS, fylkeskommunale og statlege organ m.m.  

§ 3 Innstillingsrett til kommunestyret

Formannskapet innstiller til kommunestyret i følgjande saker:

  • Økonomiplan, årsbudsjett og skattevedtak etter kommunelova.
  • Endringar av økonomiplan/årsbudsjett.
  • Alle andre saker der innstillingsretten ikkje spesifikt er lagt til andre organ.

§ 4 Saksbehandling

Saksbehandling i formannskapet skal følgje reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sitt fellesreglement for saksbehandling i folkevalde organ.

§ 5 Hastesaker

Formannskapet kan gjere vedtak i hastesaker som skulle vore avgjort av kommunestyret eller anna kommunalt utval, når det er nødvendig at vedtak vert gjort så raskt at det ikkje er tid til å kalle inn kommunestyret eller anna utval til møte, jf. kommunelova § 11-8 første ledd. Vedtak som vert gjort i medhald av denne fullmakta skal refererast for kommunestyret/utvalet i deira neste møte.