4 D - Særskilt reglement for hovudutvala levekårsutvalet og LMT- utvalet
§ 1 Ansvarsområde og gjeremål
Levekårsutvalet og LMT-utvalet har 5 medlemer med varamedlemer, valde i kommunestyret sitt konstituerande møte. Kommunestyret vel leiar og nestleiar, jamfør kommunelova § 5-7.
Utvala sine ansvarsområde er som fastsett i det til ei kvar tid gjeldande delegeringsreglementet
Utvala er såleis:
- ansvarleg for samordning og planlegging av ovanfornemnde ansvarsområde i kommunen
- ansvarleg for ei planfast, rasjonell og økonomisk organisering og drift av denne verksemda
- ansvarleg for nødvendig samordning og samarbeid med andre impliserte kommunale verksemder og med andre offentlege og private organ med same eller tilgrensande arbeidsoppgåver
Utvala fører kontroll med at vedtak innafor ansvarsområdet til utvala blir gjennomførte.
Utvalet bør få saker til uttale dersom det gjeld deira område, sjølv om formannsskapet har innstillingsrett.
Dersom ein medlem fell frå eller blir løyst endeleg frå vervet, vel kommunestyret nytt medlem. Er utvalet samansett etter reglane om forholdstalsval, skal det supplerast frå den gruppa som står bak den som går ut. Dersom leiaren fell frå eller blir løyst frå vervet, vel kommunestyret ny leiar sjølv om det er valt nestleiar.
§ 2 Vedtaksmynde
Etter kommunelova § 5-7 kan kommunestyret delegere avgjerdsmynde til faste utval i alle saker der ikkje anna følgjer av lov. Vedtaksmyndet til hovudutvala er fastsett i delegeringsreglementet.
§ 3 Innstillingsrett til kommunestyret
Hovudutvala innstiller til kommunestyret i saker innanfor deira fagområde, med mindre anna er fastsett i det politiske delegeringsreglementet. I saker som har økonomisk betydning, men kor eitt av utvala naturleg er fagutval, skal vedtaket frå utvalet vera innstilling til formannskapet.
§ 4 Saksbehandling
Saksbehandling i hovudutvala skal følgje reglane i kommunelova kapittel 11 og kommunen sitt fellesreglement for saksbehandling i folkevalde organ