Reglement for politiske organ og innsynsrett for folkevalde

7 G - Særskilt reglement for ungdomsråd, eldreråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne

§ 1 Ansvarsområde og gjeremål

Ungdomsrådet, eldrerådet og råd for menneske med nedsett funksjonsevne er lovpålagde utval etter kommunelova § 5-2. Desse tre utvala har 5 medlemer kvar, og er valde av kommunestyret. Eldrerådet og råd for menneske med nedsett funksjonsevne er valde for kommunevalperioden, og det er ein representant frå kommunestyret blant medlemene. Representantane i ungdomsrådet er valde for to år.

Fleirtalet i eldrerådet skal på valtidspunktet ha fylt 60 år. Medlemene i ungdomsrådet skal på valtidspunktet ikkje ha fylt 19 år.  

Råda er rådgivande organ for kommunen og har rett til å uttale seg i saker som gjeld høvesvis ungdom, eldre og personar med funksjonsnedsetting, jamfør kommunelova § 5-12.

Råda skal bli involvert på eit tidleg tidspunkt i den kommunale sakshandsaminga slik at uttalane kan påverke utfallet i saka.  

Råda skal få orienteringar om aktuelle saker som er under arbeid i kommunen. Råda kan sjølv ta opp saker som vedkjem deira ansvarsområde i kommunen.

Ordføraren eller utvalsleiar kan invitera inn medlemer i møte i kommunestyret eller utval når det er høveleg for orienteringar og liknande. 

Ungdomsråd, Råd for menneske med nedsett funksjonsevne og Eldreråd har møte- og talerett i hovudutvala eller kommunestyret i saker som har vore til handsaming i råda. Møte og talerett kan berre nyttast i eitt av utvala, eller i kommunestyret. 

Leiar i rådet avtalar med ordførar dersom det er ein sak rådet ønskjer å nytta møte- og taleretten i.

Leiar i rådet, eller annan representant utpeika av rådet, møter i kommunestyret og vil når saka kjem til handsaming setje seg til bordet på linje med dei politiske representantane i organet, og kan vere med i ordskifte til saka på lik linje med desse.

Representanten som møter får godtgjersle tilsvarande sats for å møte i eit einskild møte i forskrift for godtgjersle for folkevalde i Suldal kommune.