Reglement for politiske organ og innsynsrett for folkevalde

9 I - Særskilt reglement for kontrollutvalet

§ 1 Ansvarsområde og gjeremål

Kontrollutvalet fører tilsyn med den kommunale forvaltninga på kommunestyret sine vegne. Kontrollutvalet har 5 medlemer med varamedlemer valde av kommunestyret.

Minst ein representant bør vere medlem av kommunestyret for å få gjennomgåande representasjon til kommunestyret.  

Kommunestyret vel leiar og nestleiar. Vala gjeld for den kommunale valperioden. Leiaren kan ikkje vere medlem av same parti eller høyre til same gruppe som ordføraren.  

Kontrollutvalet skal sørge for at følgjande oppgåver vert utført, jf. kommunelova § 23-2:

Sjå til at kommunen sine rekneskap vert revidert på ein trygg måte.

Føre kontroll med at den økonomiske forvaltninga er i samsvar med gjeldande føresegner og vedtak.

Syte for at det vert gjennomført forvaltningsrevisjon av kommunen si verksemd, og av selskap kommunen har eigarinteresser i.  

Syte for kontroll med forvaltninga av kommunen sine eigarinteresser i selskap mv.(eigarskapskontroll).

Sjå til at kommunestyret sine vedtak om revisjonsrapportar vert følgde opp.

Kontrollutvalet skal, innan utgangen av året etter nytt utval er på plass, legge fram plan for

forvaltningsrevisjon og plan for eigarskapskontroll til kommunestyret. Det er kommunestyret som vedtek desse planane.

Det er berre kommunestyret som kan pålegge kontrollutvalet oppgåver utanom dei oppgåvene som er lovfesta.

Kontrollutvalet skal rapportere resultatet av arbeidet sitt til kommunestyret. Kontrollutvalet skal vedta årsmelding for eiga verksemd. Årsmeldinga vert lagt fram for kommunestyret.

§ 2 Sakshandsaming

Kontrollutvalssekretariatet syter for saksutgreiing. Sekretariatet ligg hos Haugaland kontrollutvalsekretariat. Utvalet kan gjere bruk av sakkyndig hjelp når det finn det nødvendig.

Kontrollutvalet kan krevje at kommunen legg fram alle opplysningar, utgreiingar eller dokument som utvalet meiner er nødvendig for å utføre sine oppgåver.  

Utvalet kan vidare vende seg til andre offentlege instansar og kommunen sine kontaktar av ulik art i samband med kontrollarbeidet.