Reglement for politiske organ og innsynsrett for folkevalde

10 J - Særskilt reglement for ordføraren

Kommunestyret vel ein ordførar blant formannskapet sine medlemer for heile valperioden.

Den som vert valt til ordførarvervet må før valet ha gjeve samtykke til å stille til val. Dersom ordføraren trer midlertidig ut av vervet sitt rykker varaordføraren opp som ordførar og det vert valt ein ny midlertidig varaordførar.

Dersom ordføraren trer endeleg ut av vervet, må ein ny ordførar bli valt jf. kommunelova § 6-

§ 1 Funksjon

Ordføraren leiar det politiske arbeidet i kommunen, og er møteleiar i kommunestyret, formannskapet og andre organ han eller ho er oppnemnt som leiar for.

Ordføraren representerer kommunen, og skal formidle kommunen sitt syn overfor alle eksterne partar.

Ordføraren er bindeledd mellom dei folkevalde og kommunedirektøren, og skal medverke til godt samspel mellom dei. Ordføraren og kommunedirektøren skal gjensidig halde kvarandre orientert om saker og tilhøve som er av interesse for kommunen.

§ 2 Rettsleg representant

Ordføraren er rettsleg representant for kommunen og skriv under for kommunen i alle høve der denne retten ikkje er lagt til andre, jf. kommunelova § 6-1.

§ 3 Politisk arbeid

Ordføraren har møte-, tale- og forslagsrett i alle kommunale folkevalde organ, unntatt i kontrollutvalet der ordføraren berre har møte- og talerett. Ordføraren har berre røysterett i organ der han eller ho er vald medlem.

Ordføraren kan la eit anna medlem av kommunestyret representere seg i dei organa som han eller ho ikkje er vald medlem.

Ordføraren skal legge til rette for eit best mogleg samarbeid mellom dei politiske grupperingane i kommunestyret.

Ordføraren skal sjå til at andre kommunalpolitiske organ held seg til dei reglane som gjeld for organet, andre prinsipp og reglar som er felt ned i lover og forskrifter, dei etiske retningslinjene til kommunen og andre kommunale retningslinjer og reglement. Ordførar skal om naudsynt rapportere eventuelle avvik til overordna organ eller ta opp avvik med den

representanten det gjeld.

Ordføraren skal halde seg orientert om saker som er av særleg interesse for kommunen, og syte for at relevant kommunalt organ blir orientert om slike saker.

 

§ 4 Mynde

Ordføraren har mynde til å gjere vedtak i hastesaker med heimel i kommunelova § 11-8 første ledd.

§ 5 Representasjon

Ordføraren er kommunen sin fremste representant. Ordføraren representerer kommunen i ulike eksterne samarbeidsorgan og når ikkje andre folkevalde er peika særskild ut.

Ordføraren kan delegere til varaordførar, ev. andre folkevalde eller til kommunedirektøren å representere kommunen.

Ordføraren har budsjettmynde til å disponere løyvingar knytt til representasjon og gåver.

Formannskapet fastsett storleiken på budsjettmynda.

§ 6 Representasjon – kommunale eigarinteresser

Ordføraren representerer kommunen i representantskap eller generalforsamlingar når det ikkje er valt eigne utsendingar. Ordføraren har sjølvstendig mynde til å fremje forslag påvegne av kommunen.

§ 7 Arbeidsgjevaransvar

Ordføraren skal ivareta arbeidsgjevaransvaret overfor kommunedirektøren. Ordføraren skal i samråd med tre andre medlemer i formannskapet gjennomføre utviklingssamtale med kommunedirektøren i samsvar med leiaravtalen med kommunedirektøren. Ordføraren skal dokumentere desse samtalane på ein standardisert måte til dømes KS sin mal.