Korleis påverka og medverka i kommunen

Det er mange måtar du som innbyggar kan medverka og påverka politiske og administrative prosessar. Særleg dersom du går saman med andre eller kan uttala deg på vegne av fleire, er sjansane gode til både å kunne reisa nye saker og kunne påverka utfallet av saker som allereie er i gong. Kommunen skal innan fleire av tenesteområda innhenta informasjon og synspunkt frå dei som blir råka i ein sak. Jo tidlegare du kjem inn i ein prosess, jo større er sjansane for å påverka til stades. 

Medverknad i kommunal planlegging 

Når kommunen planlegg utbygging eller verning, har du som innbyggar rett til å sei meininga di. Kommunen skal sikra innspel frå innbyggarane. 

Du har rett til å uttala deg i saker som gjelder kommunal planlegging. Kommunen skal tilstreba at saka blir mest mogleg offentleg, og reell medverknad i planarbeidet. Særleg har kommunen eit ansvar for å sørga for å få innspel frå grupper som krev spesiell tilrettelegging, som for eksempel barn og unge. Tidleg i planprosessen bør me avgjera korleis denne medverknaden skal skje.

Kommunen skal utarbeida desse planane:

  • Kommunal planstrategi (strategiske val knytt til samfunnsutviklinga)
  • Kommuneplan (overordna plan for utvikling av kommunesamfunnet og for bruk og vern av arealar i kommunen)
  • Reguleringsplan (arealplankart med bestemmelsar som fastset bruk og vern i bestemte område)

Innbyggardeltaking

Som innbyggar kan du foreslå saker som du meiner vil gjøre kommunen til ein betre stad.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har laga ein portal, www.minsak.no, som gjer det enkelt for deg å fremja din sak. Alle kan foreslå saker i sin eigen kommune. Merk imidlertid at du treng underskrift frå 300 personar i kommunen for å kunne fremja ein sak på denne måten.

Suldal kommune mottar automatisk melding frå minsak.no når du har oppretta ei sak. Dersom saka har nok underskrifter, skal kommunestyret ta stilling til saka.

Innbyggardeltaking er regulert i kommuneloven § 12-1.

Høyringar

Høyring betyr at ei sak (for eksempel ein plan) blir lagt ut for å få innbyggarar og andre sine innspel. I nokon typer saker er me pålagt i lova å legge saka ut på høyring før det blir gjort eit endeleg vedtak. I andre saker legg me ut saker fordi saksbehandlar ønskjer å få innspel på for eksempel moglege løysingar.

Her er sakene me har ute til høyring no. 

Samskaping

Samskaping betyr at me utvikler og leverer tenester saman med innbyggarane, ikkje berre for innbyggarane.  Av og til koplar me på både næringsliv og frivilligheita i utviklingsprosesser. Eit eksempel på dette er “gjestebodmodellen” som me har nytta i saka om Framtidas oppvekst.  

Barn og unges medverknad i plansaker

Plan- og bygningslova pålegg alle som utarbeider planar å legga til rette for medverknad frå barn og unge som er eller kan bli berørte av planen. Dette er normalt ikkje så enkelt dersom dei må forholda seg til saksdokument.

Opne møter og KommuneTV

For å sikra at alle kan ha innsyn i den politiske behandlinga av ein sak, skal alle politiske møter væra opne for alle. Det gjeld kommunestyret, formannskapet, utvalsmøter og videre. For å gjera dette tilgjengeleg for endå fleire, viser me alle kommunestyre- og utvalsmøta på KommuneTV.  Opptaka blir liggande publisert i 14 dagar etter møtet slik at du kan sjå det seinare.

Sjå KommuneTV her. 

Ungdomsrådet

Ungdomsrådet er ein demokratisk arena for ungdom i kommunen på lik linje med dei andre råda. Rådet skal gi innspel til politiske saker som vedkjem ungdom og med dette bidra aktivt inn i lokalpolitikken. 

Les meir om ungdomsrådet

Grendautvala

Me har grendeutval i kvar grend, som er vår modell for nærdemokrati i praksis. 

Grendeutvala kan bidra til:

  • Betre kontakt og meir nærleik mellom innbyggarane, politikarane og administrasjonen
  • Meir deltaking og større politisk interesse og engasjement hos innbyggarane
  • Representasjon frå eit større geografisk område
  • Spesiell ivaretaking av ulike geografiske ytterpunkt og spesiell identitet, som øysamfunn, fjellbygder og andre type lokalsamfunn som ligg langt frå kommunesenteret Sand
  • Betre informerte kommunale avgjersler med høgare lokal legitimitet og større lokal forankring
  • Betre kommunale tenester gjennom grendeutvala sin lokalkunnskap
  • Større lokalt samfunnsengasjement som fører til god lokalsamfunnsutvikling
  • Ta vare på eller bygga opp lokal identitet og samhold, slik at det skaper eit inkluderande og godt lokalsamfunn

 

Les meir om grendeutvala her.