Kommunal pensjonist? Velkommen til temakveld!

Kommunal pensjonist? Velkommen til temakveld!

Kommunedirektøren vil invitera alle pensjonerte tidlegare kommunale tilsette til ein kveld med god drøs, litt kvelds og passeleg med informasjon om at det spanande som skjer i kommunen, og korleis Suldal kommune arbeider for å vera ein god kommune å leva, bu og trivast i.

Dato
4. november 2024
Tid
18:00 - 20:00
Stad
Kulturhuset i Suldal - allrommet

Me håpar du vil ta turen til Kulturhuset måndag 04. november kl. 18.00 - 20:00.

Det er heilt gratis å vere med, men me ønskjer påmelding så me veit kor mange stolar me skal finne fram, og kor mykje kvelds me skal ordne.

Me gler oss til å setje litt ekstra pris på dykk!

Påmelding innan 03. november til postmottak@suldal.kommune.no eller tlf 52 79 22 00

Arrangør

Suldal kommune