Verv som meddommar og skjønnsmedlem

Verv som meddommar og skjønnsmedlem

Kommunestyret skal velje nye meddommarar og skjønnsmedlem for fire år, frå og med 1. januar 2025 til og med 31. desember 2028. 

Om meddommarvervet

Ein meddommar (lekdommar) er ein person utan juridisk utdanning som saman med ein fagdommar er med på å ta avgjerder i rettssaker. Som meddommar kan du rekna med å bli innkalla i 1-3 saker per år. Dei fleste rettssaker varer frå éin til tre dagar, enkelte saker kan vara noko lengre.  Verv som meddommar er ei samfunnsplikt, og vanlegvis får du fri frå jobb for å utføra vervet. Viss du taper arbeidsforteneste, blir det gitt erstatning for dette.


Det skal oppnemnast meddommarar til:

•    Haugaland og Sunnhordaland tingrett
•    Gulating lagmannsrett
•    Haugalandet og Sunnhordaland jordskifterett
•    Skjønnsmedlem (vert valde av Fylkestinget)

Følgjande krav vert stilt til meddommarar:

  • vere fylt 21 år og vere under 70 år
  • ha røysterett ved val i Noreg
  • vere valbar til kommunestyret
  • vere norsk eller nordisk statsborgar, eller ha vore folkeregistrert som busett i Noreg dei siste tre åra
  • snakka og forstå norsk
  • ha allminneleg god digital kompetanse


Meddomarens lovlydnad

For at samfunnet skal lite på domstolane vert det gjennomført ei vandelsvurdering av meddommare og skjønnsmedlem. Dette omhandlar rettstryggleik og moglegheita til å utføra ein verdig rettsførehandling. 
Suldal kommune føretek vandelskontroll av kandidatar før dei vert lagt fram som aktuelle meddommarar for kommunestyret.
 

Søknadsskjema og frist

Meld deg som meddommar eller skjønnsmedlem

Frist for å melda interesse for verv: 3.mai

Du kan lesa meir om verva på informasjonssida vår om meddommare.

Marit Bog
E-post
Telefon 45 61 50 33
Mobil 45 61 50 33