Kommunen sin oppgåve er å:
Ha ein oversikt over kva farar som kan trua liv og helse, miljø, og kritisk infrastruktur og samfunnsfunksjonar i kommunen, og arbeida for å redusera risikoen gjennom risikoreduserande tiltak
Ha ein oversikt over kva lokale offentlege, frivillige og private ressursar som er tilgjengelege, og utarbeida koordinerte beredskapsplanar for å handtere ulykker og kriser
Beredskapsplanar
For å kunne handtere desse oppgåvene effektivt har Suldal kommune utarbeida beredskapsplanar. Dette er både overordna plan og detaljplanar. Beredskapsplanane er bygd på informasjon som er avdekka gjennom kommunen sin heilheitlege risiko- og sårbarhetsanalyse.
Kriseleiing
Når større ulykker eller kriser oppstår i Suldal kommune er det kommunedirektøren som er leiar av den kommunale kriseleiinga. Kommunedirektøren vil då vurdera å omprioritera dei kommunale ressursane, og å setja i verk dei tiltaka som er nødvendige for handtere situasjonen. Dette arbeidet blir gjort i samarbeid med naudetatane, der politiet har ansvaret for å koordinera arbeidet med å ivareta liv og helse, og kommunen tilsvarande for miljø, kritisk infrastruktur og samfunnsfunksjonar.
Ved behov for evakuering kan politiet pålegga kommunen å oppretta eit evakuerings- og pårørandesenter (EPS).
Kriseleiinga består av:
- Kommunedirektør (leiar/operativ leder)
- Ordførar (ansvarleg for mediehandtering)
- Leiar av Organisasjon og innbyggarkontakt
- Kommunalsjef Økonomi og organisasjon
- Kommunalsjef Kultur og samfunn
- Kommunalsjef Helse og velferd
- Kommunalsjef Oppvekst
- Beredskapskontakt
Psykososialt kriseteam
Ved mindre omfattande hendingar kan kommunen sitt kriseteam aktiverast.
Innbyggarvarsling
Suldal kommune har i bruk varslingssystemet, Varsling 24, for å varsle innbyggarar i eit geografisk område om hendingar via SMS.
Kommunen informerar nå våre innbyggarar digitalt ved hendingar der dette er føremålstenleg. Det kan vere ved vassavstenging, stengte vegar, evakuering, generelle servicemeldingar eller andre forhold som krev rask informasjon.
Det blir nytta tre ulike registre for å nå ut med informasjon til deg:
- Privatpersonar:
Kontaktinformasjon blir henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet. Vi anbefaler deg å legge inn ditt mobiltelefonnummer og di e-postadresse i dette felles nasjonale kontaktregisteret. Dersom det er behov for å gje beskjedar frå det offentlege nyttar somregel dei kontaktinformasjonen frå dette registeret, til dømes gjeldande sjølvmelding. Oppdatering gjer du her.
- Bedrifter:
Ved varsling av bedrifter blir bedrifta som tilhøyrer adressa varsla med bakgrunn i oppføring i Enhetsregisteret. Kontaktdata for bedrifter blir henta frå Digitaliseringsdirektoratet / (Altinn). Bedrifter med fleire adresser bør registrere desse som underenhet hjå Brønnøysundregistret.
- Tilleggsregister:
Tilleggsregister kan du nytte dersom du ynskjer å motta varsel for ei bedrift eller for ei adresse som du ikkje er registrert med bustadsadresse på.
Oppdater dine opplysningar og meld alltid flytting til Folkeregisteret.
Bur du ein annan stad enn der du er folkeregistrert kan du registrere ditt telefonnummer på di adresse i Tilleggsregisteret. Hugs å endre dersom du flytter. Tilleggsregisteret er
konfidensielt og blir berre nytta av di kommune.
Registrer ditt telefonnummer i kommunens tilleggsregister her:
Velg Tilleggsoppføring – Legg til ditt telefonnummer (velg Privat)
Vårt Tilleggsregister knyt kontaktpersonar til verksemder med telefonnummer.
Kontaktpersonen vil motta varsel på SMS dersom SMS blir sendt frå kommunen.
Sårbare verksemder er bedrifter som er avhengig av vatn for å drive si verksemd.
Eksempel:
Sjukehus og medisinske senter
Alders- og sjukeheim
Legar og tannlegar
Barnehagar og skular
Næringsmiddelprodusentar
Restaurantar og kafear
Registrer di verksemd i kommunens Tilleggsregister:
Velg Tilleggsoppføring – Legg til ditt telefonnummer (velg Bedrift)