I Suldal har me alt frå lune fjordar til vide fjellområde og høge toppar. Men det viktigaste i kvardagen vår er dei gode nærmiljøa me bur i. Me utvekslar timar, ord, spikarslag og langpannekaker. I eit samfunn der alle blir sett, er du ein ressurs som betyr mykje for mange.
Skattkammeret Suldal har kraft, vilje og mot til å utvikla eit berekraftig lokalsamfunn. Vil du ha ein meiningsfull jobb, og arbeida for eit samfunn der det er godt å leva, bu og arbeida i?