Prøvebu i Suldal

Tenkjer du tanken om å flytta til Skattkammeret Suldal? Til eit liv med litt meir tid, og litt meir plass? 

  

 

Deg + Suldal = sant?

Det er ikkje «berre berre» å hoppa i det, og å bygga seg eit hus utan at ein er sikker på at Suldal er framtida. Kva med å «prøvebu» i ein av bustadane våre?

 

Kva er “prøvebu ordninga”?

 Me tilbyr prøvebu ordninga til personar med etterspurt kompetanse. Dette gir deg moglegheita til å prøvebu i Suldal i opptil tre år. Om du trivst, kan du få kjøpe bustaden og eige den sjølv. 

 

Kvifor prøvebu i ein av bustadane våre?

  • Ingen byggjeprosess: Me byggjer bustaden for deg, slik at du slepp søknadsprosessar og rolla som byggjeleiar.
  • Rimelege og attraktive bustadar: Bustadene er rimelege og me bygg bustader me gjerne kunne budd i sjølv.
  • Ingen risiko: Om du vel å flytte etter den treårige leigeperioden, står du fritt til det utan forpliktingar. 

 

Korleis fungerer det?

Søknad

For å søkje om å prøvebu må du ha kompetanse som Suldal har behov for + svare ja på eitt av følgjande spørsmål:

  • Har du tilbod om fast jobb i Suldal?
  • Har du tilbod om vikariat (minst 1 år) i Suldal? 
  • Er du sjølvstendig næringsdrivande i Suldal?

Ordninga gjeld jobb i heile Suldal, altså ikkje berre organisasjonen Suldal kommune.

Om du kan svare ja på eit av spørsmåla ovanfor, er du kvalifisert til å søkje.

Alle bustadane har ein søknadsfrist. Hugs å søkje innan fristen.

 Søk om å prøvebu her. 

Tilbod

Når søknadsfristen er ute vurderer me søknadane opp mot kompetansen Suldal treng no og i framtida.

Om du har den kompetansen Suldal treng, kan me tilby deg ein bustad.

Prøvebu

Du kan prøvebu i bustaden i opptil tre år. Om du trivst, kan du kjøpe bustaden etter prøveperioden.

 

Status: 

Ledige no:

  • Sand: Klare for innflytting. Søknadsfrist er 01. mai. 
  • Erfjord: Klare for innflytting. Søknadsfrist er 01. mai. 
  • Suldalsosen: Meir informasjon kjem snart. Søknadsfrist er 01. juni. 

Under bygging: 

Under planlegging:

  • Nesflaten
  • Vanvik
  • Jelsa
  • Ropeidhalvøya

Meir informasjon kjem.

 

Bustadane på Sand: 

Leilegheitene på Sand ligg på Eide, rett ved Suldal bad, og Suldalshallen. I dette området ligg også Sand skule, Sand barnehage, Topp Volley Norge og Introsenteret i Suldal. Området ligg ikkje langt frå Garaneset og Sand sentrum, som byr på kafear, butikkar, kulturhus og museum. 

  • Type: Leilegheit
  • Byggeår: 2024
  • 60 kvm
  • 2 soverom
  • Balkong
  • Utvendig bod
  • Utandørs parkering

 

Leigepris

  • Kr. 8 500 i månaden for umøblert
  • Kr. 9 500 i månaden for møblert

 

Kjøpspris

  • Stegåsvegen 2 B: kr. 2 713 817,-
  • Stegåsvegen 2 C: kr. 2 713 817,-
  • Stegåsvegen 4 B: kr. 2 713 817,- 
  • Stegåsvegen 4 C: kr. 2 713 817,-

 

Du får trekt ifrå 50 % av det du har betalt i leigeinntekter ved eit eventuelt kjøp

 

Søknadsfrist

01. mai

Me behandlar søknadane etter søknadsfristen. 

 

 

Leige bustad - Klikk for stort bilete
Leige bustad - Klikk for stort bilete
Leige bustad - Klikk for stort bilete
Leige bustad - Klikk for stort bilete
Fritidsanlegg - Klikk for stort bilete
Badeanlegg - Klikk for stort bilete
Leige bustad - Klikk for stort bilete

Bustadane i Erfjord: 

Bustadane ligg i Skjerahaug bustadfelt, rett ved barnehage og grendahus. Her har du panoramautsikt mot Bogsfjorden. Rett ved ligg også Habn, med badestrand. 

  • Type: Hus
  • Byggeår: 2025
  • 86,8 kvm 
  • 3 soverom
  • Terrasse
  • Innvendig- og utvendig bod
  • Utandørs parkering

 

Leigepris

  • Kr. 13 000 i månaden for umøblert

 

Kjøpspris

  • Stølane 12A: Kr. 4 459 209,-
  • Stølane 18B: Kr. 4 466 976,-

 

Du får trekt ifrå 50 % av det du har betalt i leigeinntekter ved eit eventuelt kjøp.

 

Søknadsfrist

01. mai

Me behandlar søknadane etter søknadsfristen. 

 

Sjå film frå byggeprosessen

Bustadane i Suldal: 

Bustadane ligg i Klypetjørn bustadfelt. Meir informasjon om bustadane, bilete og film kjem i starten av mai. 

 

Leigepris

  • Leigepris kjem

 

Kjøpspris

  • Klypetjørnvegen 50: kr. 4 367 168,-
  • Klypetjørnvegen 52: kr. 4 365 876,-

 

Du får trekt ifrå 50 % av det du har betalt i leigeinntekter ved eit eventuelt kjøp.

 

Søknadsfrist

01. juni

Me behandlar søknadane etter søknadsfristen. 

Vil du søkje?

Du må søkja digitalt. I søknaden må du lasta opp dokumentasjon på at du har eit nytt jobbtilbod eller er næringsdrivande, og i tillegg vil me gjerne at du skriv litt om deg sjølv og kvifor du vil prøvebu i kommunen vår.

Søk om å prøvebu

 

 

Har du spørsmål? 

Bente svarer deg på spørsmål. Du kan kontakte ho måndag til fredag mellom klokka 8-15.30. 

Ring Bente på telefon: 414 93 230 

Kontakt

Profilbilde av Bente Tednes Gjil
Bente Tednes Gjil
Leiar
E-post