Me kan tilby

Det finst mange fordeler med å jobba for kommunen. Det er trygt og føreseieleg, både når det gjeld løn, arbeidstid, permisjonsordningar, forsikringar og pensjon. Me har også lokale ordningar som arbeidstakarane våre set pris på. 

 

Kompetanseheving og stipend

For at me skal kunne gje gode tenester til innbyggarane våre, treng me dyktige tilsette som trivst og får utvikla seg i jobben sin. Det er heilt normalt å starta i ein ny jobb og ikkje kjenna seg trygg på at ein er ferdig utlært. Det er heilt greitt. Hos oss har du høve til å utvikla deg. 

Difor set me kvart år av midlar til kompetanseheving hos tilsette, samtidig som dette er eit fokus internt på alle arbeidsplassar. Me har mange gode ordningar som er mynta på å treffe så breitt som mogleg blant tilsette, og også hos framtidig tilsette.