Vil du jobba som lærling hos oss?

Me tek inn fleire nye lærlingar kvart år, fordelt på fleire ulike fagområde. Å vera lærling i Suldal kommune kan gi deg ei brei erfaring innan ditt fag. God opplæring, god oppfølging og ikkje minst ein veldig kjekk stad å arbeida.

Me gir mellom anna tilbod om læreplass innan følgjande fagområde:

  • Helsefagarbeidar
  • Barne- og ungdom
  • Institusjonskokk
  • Service- og administrasjon (kontorfag)
  • Byggdriftar

 

Vårt mål er at lærlingane i Suldal kommune skal få ei interessant og spanande læretid ute i einingane våre. Du vil få oppfølging av opplæringskontoret, og instruktørar ute på arbeidsplassane. Saman legg me til rette for at du som lærling får den nødvendige kunnskapen og kompetansen til gå opp til fagprøve i faget ditt.

Me samarbeidar med opplæringskontoret Rytopp. 

 

Me søkjer deg som:

  • Har bestått VG1 og VG2
  • Har god orden og oppførsel
  • Er personleg eigna
  • Visar initiativ og engasjement for faget ditt
  • Har lite fråvær frå vidaregåande
  • At du er service- og omsorgsorientert
  • Har gode samarbeidsevner

 

Søk her