Strategisk leiargruppe
Kommunedirektøren si strategiske leiargruppe består av :
- Turid Vaage - Kommunalsjef Økonomi og organisasjon
- Øyvind Stueland - Kommunalsjef Kultur og samfunnsutvikling
- Grethe Jæger Anglevik - Kommunalsjef Helse og velferd
- Svein Carlos Nilsen Gjil - Kommunalsjef oppvekst
Sentral stab
I staben jobbar rådgjevarar (mellom 5 og 6 årsverk) innafor:
- Oppvekst
- Helse og velferd
- Folkehelse
- Kriminalitetsforebygging
- Planarbeid
- Utbygging
- Eigedomsforvaltning
Kommunekassen
Kommunekassen fører kommunen sin rekneskap.
Kommunekasserar er Arnfinn Gundersen.
Organisasjon og innbyggarkontakt
Organisasjon og innbyggarkontakt har eit strategisk utviklingsmandat, skal er døra inn for innbyggarane og einingane.
Eininga er også ein pådrivar for digitalisering av tenester til nytte for innbyggarane og eininga, og har ei prosjektrolle knytt til digitaliseringsprosjekt.
Eininga driftar felles postmottak for kommunen, arkiv, sentralbord og kommunen sine kanalar for kommunikasjon og informasjon.
Organisasjon og innbyggarkontakt støttar alle einingane i kommunen med administrative oppgåver. Organisasjon og innbyggarkontakt inkluderar òg politisk sekretariat, sekretariat for ordføraren, kommunestyret og dei politiske utvala. Drift av kommunehuset og sakshandsaming av sals- og skjenkeløyver finn ein òg her.
Leiar for Organisasjon og innbyggarkontakt er Bente Tednes Gjil.
Organisasjon og innbyggarkontakt representerer òg kommunen som arbeidsgjevar. Blant arbeidsoppgåvene er tilsettingar, arbeidsmiljø og HMS samt samarbeid med tillitsvalte og verneombod.