Heim for ein 50-lapp - trygg heimreise for ungdomEr du mellom 13 og 18 år? Då kan du nytta deg av ei ordning som sikrar trygg heimreise frå ungdomsklubbar og arrangement på fredags- og laurdagskveldar. Du kan få skyss heim for berre 50 kroner. Dette tiltaket er ein del av trafikktryggleiksarbeidet vårt. Ordninga skal sørge for at du kjem deg trygt heim frå sosiale arrangement på kveldstid fredagar og laurdagar. 13-18 år Ordninga gjeld for deg som er mellom 13 og 18 år. Har du fylt 18 år, fell du utanfor denne ordninga. Bestill før kl. 18 same dag Føresette må bestilla taxi per telefon før klokka 18.00 same dag. I bestillinga må adresse for henting og levering, samt alder eller klassetrinn opplysast. Bli henta seinast kl. 00:00 Seinaste avreise frå hentestad er klokka 00:00. Fredags og laurdagskveldar innanfor Suldal kommune Ordninga gjeld fredags- og laurdagskveldar og berre innanfor Suldal kommune, forutan om ungdom som bur i Vanvik og som kan bestilla taxi frå Sauda og heim. Taxiselskapa skal så langt det lar seg gjera samordne transporten. Ordninga gjeld Ordninga gjeld transport heim frå offentlege arrangement som vinterball, konsertar og liknande. Med offentlege arrangement meiner ein arrangement som er opne for allmenta. Ordninga gjeld ikkje Ordninga gjeld ikkje vennebesøk, køyring mellom private bustadar eller frå private samankomstar. Heim til deg Ordninga gjeld transport heim til bustadadressa i Suldal kommune. Ungdom busett i Vanvik kan bestilla taxi frå Sauda og heim. Du betaler 50 kroner Du skal betale ein eigenandel på 50 kroner per person, uavhengig av tal passasjerar. Bestill taxiHaugaland taxi - 08181Vatlandsvåg taxi - 52 79 52 00Sauda taxi - 52 78 24 07 Ordninga er eit samarbeid med Kolumbus. Publisert 11.04.2025 14.23