Du kan få hjelp til
- Vurdering, kartlegging og trening/oppfølging av born, både på avdelinga og i deira naturlege omgjevnadar som heimen, barnehage og skule.
- Rettleiing til pårørande
- Opptrening av personar med utviklingshemming i ferdigheiter ein treng i kvardagen. Som for eksempel av- og påkledning, å laga mat og ivareta personleg hygiene
- Tilrettelegging
- Hjelpemidlar
- Bassengtrening for barn med spesielle behov
Bassengtrening
Me har bassenggrupper for born med spesielle behov. Kvar bassenggruppe får tilbod om 8 gonger bassengtimar. Etter 8 gonger blir gruppene skifta ut, og gruppa du deltar i tar pause i 8 veker.
Treninga er til musikk. Bassengtreninga følgjer skuleruta til skulane i Suldal kommune og er stengt i feriar og heilagdagar.
Søk om bassengtrening
For å kunne delta må du først senda inn eit digitalt søknadsskjema om bassengtrening. Dersom du av ulike orsaker ikkje kan senda inn digitalt søknadsskjema kan du fylla ut eit skjema for hand. For å levere inn skjema i papirform kan du komma ned til fysioterapiavdelinga på Helsetunet, der søknadsskjemaet er opphengt i venteområdet. Du fyller ut papirskjema og legg det i postkassa.
Når me har motteke søknadsskjemaet vil me vurdera søknaden og kva behandlingsbehov du har. Etter denne vurderinga vil du få informasjon om kva gruppe du vert plassert i med hensyn til dag og tidspunkt og kva som er gjeldande reglar for bassengtreninga. Ved tildeling av bassenggrupper, vil personar med helsemessige behov bli prioriterte.
Søknaden er gyldig for eitt år om gongen. Det betyr at du må senda inn eit nytt søknadsskjema for kvart år dersom du har behov for bassengtrening utover eit år. Du kan senda inn søknadsskjemaet kontinuerleg gjennom heile året.
Søk om bassengtrening her