Barne- og familieteamet

Barne- og familieteamet er for deg som er barn, ungdom og/eller føresett som har utfordringar på ulike område i livet, til dømes uro for barnet eller ungdommen si psykiske helsa, utfordringar i foreldrerolla og/eller belastande hendingar i familien. Me arbeider med heile familien for å hjelpe deg her og nå, og førebyggja vanskar seinare i livet.  

Teamet har teieplikt. Me tilbyr samtalar i lokala våre på Sand eller i heimen din. Tilbodet er gratis. Me prøver å ta kontakt med deg innan 14 dagar.  

Kontakt

Tildelingskontoret
Telefon 52 79 23 60

Bjødnateigvegen 21, 4230 Sand