Førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme

Å førebygga radikalisering og valdelig ekstremisme er ei viktig samfunnsoppgåve, som må utførast på tvers av samfunnssektorar og fagområde. Det kan vere ulike grunner til at personar blir radikaliserte og er villige til å ty til vald for sine synspunkt. Det er nødvendig med tidleg handling frå ei rekke aktørar, for å auka sjansane for å lukkast i det førebyggande arbeidet.

Rettleiar for å førebygga radikalisering og valdeleg ekstremisme

Rettleiaren gir informasjon om kva radikalisering er og korleis me som lokalsamfunn kan førebyggja, avdekka og møta radikalisering og valdeleg ekstremisme. Rettleiaren byggar på regjeringas «handlingsplan mot radikalisering og voldelig ekstremisme» frå 2020. Nettsida utveier.no er regjeringa si sentrale fagside på feltet. Her finn ein mykje informasjon.

Om førebygging og tidleg handling

Det er viktig at me byggar arbeidet med å førebygga radikalisering og valdelig ekstremisme på dei same grunnprinsippa som generell førebygging av kriminalitet. Ein inkluderande kommune der alle har moglegheit for deltaking utifrå sine eigne ressursar og interessar, vil virka førebyggande både på sosial utstøyting, marginalisering og kriminalitet. Barn, unge og vaksne som opplever å bli sett, høyrd og møtt kvar dag i et inkluderande miljø, der dei opplev tilhøyrsle og eigenverdi vil stå godt rusta i møte med ulike utfordringar i livsløpet. Tidleg handling krev kunnskap om risikofaktorar og kunnskap om teikn på radikalisering. Ved å gripe inn tidleg i ein radikaliseringsprosess vil ein ha auka utsikt til å lukkast med å snu ei uheldig utvikling. Det er viktig at det førebyggande arbeidet vert gjort på ein måte som ikkje bidrar til stigmatisering og generalisering på bakgrunn av etnisitet, religion, kjønn, eller sosio-økonomisk status. 

Definisjonar og sentrale omgrep

Politikontakt

Øyvind Dybing er politikontakt for Suldal kommune.

Kontakt

Øyvind Dybing
Politioverbetjent/politikontakt
E-post
Telefon 52 86 52 65

 

Kan kontaktast

måndag-fredag 08.00 - 15.00

Profilbilde av Magnus Skjefstad
Magnus Skjefstad
E-post
Telefon 45 25 08 04
Mobil 45 25 08 04
Sofie Hebnes Hårajuvet
E-post
Telefon 40 43 59 07
Mobil 40 43 59 07
Indre Ryfylke barnevern, akutt beredskap
Telefon 46 94 29 92