Circle of Security – Parenting (COS-P) er eit foreldrerettleiingsprogram som er basert på 50 års forskning innan tilknytningsteori. Kurset passar for alle. Du treng ikkje å oppleva at foreldrerolla er vanskeleg, eller at barnet ditt har behov for noko spesielt for å delta.
I kurset vil du bli kjent med trygghetssirkelen, ein modell som kan hjelpa deg til å sjå og forstå barnet ditt sine behov og signal, og til å bli tryggare på korleis du kan møta barnet ditt i heile spekteret av følelsar.
På kurset blir det lagt vekt på korleis du kan:
- Observera, tolka og møta barnet sine behov
- Hjelpa barnet til å regulera eigne følelsar
- Handtera utfordrande situasjonar ved å være større, sterkare, klokare og god
- Takla eigen frustrasjon i møte med barnet