Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)

Indre Ryfylke PPT er ei interkommunal teneste for Suldal og Sauda og har kontor i begge kommunar.

Alle barn og unge har rett til å få tilpassa opplæring og å bli inkludert i barnehagen og på skulen. Me gir råd og støtte til skular, barnehagar og vaksenopplæringa slik at dei kan legga til rette for ein god kvardag for alle. Nokon gonger utarbeider me også ein sakkunnig vurdering for å sikra at barn og unge med behov for særskilt tilrettelegging får den hjelpa dei treng. 

 

Me ønskjer å vera ei framtidsretta teneste som er med på å inkludera, støtta og hjelpa tidleg. Det er viktig for oss at føresette, barn og unge kjenner seg godt inkluderte når me jobbar saman, difor nyttar me BTI-modellen (Betre tverrfagleg innsats). 

 

Kontakt

Linda Skaar
Leder
E-post
Telefon 90 54 57 18
Mobil 90 54 57 18