Kva og kven er Norconsult?

Etter ein konkurranse har Norconsult Norge AS blitt tildelt oppdraget med å bidra til å gje informasjon som administrasjonen i Suldal kommune treng for å lage eit godt saksgrunnlag til kommunestyret om organisering av oppvekst framover i Suldal kommune gjennom ein barnehage- og skulebruksplan. Dette i tråd med kommunestyresak 087/24.

Norconsult - Klikk for stort biletejostein Norconsult

Jostein Danielsen – oppdragsleiar og seniorrådgjevar

Danielsen er tidlegare skuleleiar med brei kompetanse innan arbeid med skule- og barnehagestruktur. Danielsen har betydeleg erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, kommunale utgreiingar, strukturutgreiingar, organisasjonsutvikling og utvikling av skulebygg gjennom samspelentreprisar. Hans erfaring inkluderer omfattande utviklings- og endringsprosessar på både skule- og kommunenivå.

Danielsen har leia prosessar som involverer utarbeiding av skulebruksplanar, standard arealprogram for barnehagar og skular, samt heilskaplege planar for kommunal skuleutvikling. Han har omfattande erfaring med utvikling av rom- og funksjonsprogram, samt kartlegging av arealbehov i nært samarbeid med interessentar og tilsette. I rolla som rådgivar støttar Danielsen skular med deira pedagogiske utviklingsarbeid, inkludert kompetanseutvikling, prosessleiing, rådgiving og rettleiing innan ulike pedagogiske område som læring, leiing og organisasjonsutvikling.

Norconsult - Klikk for stort bileteterje Norconsult

Terje Gregersen: Oppdragsmedarbeider og seniorrådgjevar

Terje Gregersen har vore tilsett i Norconsults avdeling for skule og barnehage i snart 16 år. Her har han hovudsakleg hatt rolla som oppdragsleiar for offentlege oppdragsgivarar. Han utfører omfattande og mindre utgreiingar innan tematisk planlegging og alle offentlege formålsbygg, med hovudvekt på analysar innan tidlegfaseutgreiingar, lokalisering, tomteanalysar og konsekvensutgreiingsmetodikk innan helse- og omsorg, skule og barnehage. Han arbeider nasjonalt, sjølv om kontorstaden er i Bergen. Strukturutgreiingar, investeringsbehovsundersøkingar, moglegheitsstudiar, kostnadsanalysar, programmering av skular, barnehagar, idrettsanlegg, helsebygg, demografiske analysar, handelsanalysar, tomteanalysar, osv., er nokre av utgreiingsemna som Terje handterer. Terje har vore sentral i fleire av strukturutgreiingane Norconsult har gjennomført over heile landet.

Norconsult - Klikk for stort biletesigrid Norconsult

Sigrid Hestnes: Oppdragsmedarbeider og seniorrådgjevar

Sigrid Hestnes er utdanna barnehagelærar med vidareutdanning innan rettleiing, HR, innovasjon og tenestedesign. Sigrid har 6 års erfaring frå Norconsult, der ho arbeider med utgreiing og utvikling i ulike oppdrag knytt til barnehage og skule. Før dette har ho 23 års erfaring frå barnehagesektoren, der ho har jobba som pedagogisk leiar, fagleiar og barnehageleiar. I Norconsult jobbar Sigrid med kartlegging og forbetring av skule- og barnehageanlegg, alternativvurderingar og analyse av strukturelle grep.

Som ein del av arbeidet leiar ho prosessar og utarbeider visuelle modellar og presentasjonar for brukarar, administrasjon og politisk nivå.

Norconsult - Klikk for stort bileteida-marie Norconsult

Ida Marie Førsund: Oppdragsmedarbeidar

Ida er utdanna både bygningsingeniør og lærar innan realfag og idrett. Ho har tidlegare jobba som bygningsingeniør i Norconsult, innan konstruksjonsteknikk, og har etter fleire år i skoleverket, kome tilbake som skolefagleg rådgivar hausten 2024. Erfaringane frå skoleverket, i kombinasjon med utdanninga som byggingeniør, gir ho ein brei kompetanse som er nyttig innan arbeid med skuleplanlegging.

Norconsult - Klikk for stort biletemarte Norconsult

Marte Elverum: Oppdragsmedarbeidar og ansvarleg risikoanalyse

Marte Elverum er ein erfaren seniorrådgivar innan samfunnstryggleik og beredskap, med ein solid akademisk bakgrunn som inkluderer ei mastergrad i samfunnstryggleik frå Universitetet i Stavanger og ei bachelorgrad i internasjonal beredskap frå Universitetet i Tromsø. Ho har omfattande erfaring med prosessleiing og utarbeiding av risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar), risikovurderingar og beredskapsanalysar for ulike sektorar. Marte er kjend for si evne til å tilpassa metodar og prosessar til oppdragsgivars behov, og ho har djup kjennskapar til relevante lover og forskrifter, inkludert brann- og redningsvesenforskrifta og sivilbeskyttelsesloven.

Norconsult - Klikk for stort biletereidun Norconsult

Reidunn Waag: Oppdragsmedarbeidar og fagkontroll

Reidunn er utdanna pedagog med adjunktbakgrunn frå Høgskolen i Bergen. Ho har vidareutdanning i administrasjon og leiing ved Noregs handelshøgskole (NHH) og ein MBA frå Handelshøyskolen BI i Oslo. Reidunn har fleire års erfaring som skuleleiar i Bergen kommune, både som avdelingsleiar og som rektor ved ein av Bergens største kombinertskular. 

I dag er Reidunn leiar for Norconsults skule- og helsefaglege miljø med base i Bergen, som har ansvar for tidlegfaseplanlegging av utdanning og oppvekst, og dessutan helse og omsorg. I Norconsult jobbar Reidunn som spesialrådgivar og prosessleiar i prosjekt som omhandlar tidlegfase i byggjeprosjekt, strukturutgreiingar, moglegheitsstudiar, risikovurderingar og andre prosjekt som krev leiing og organisering av komplekse prosessar.

Norconsult - Klikk for stort biletesiv-marit Norconsult

Siv Marit Stavem: Metodeansvarleg. Fagspesialist og Ph.d.-kandidat

Siv Marit Stavem er forskar og pedagog med kompetanse på utgreiing og analyse, så vel som brukarmedverknad og gruppeprosessar. Frå 2020 til 2025 er Stavem næringslivsstipendiat ved Universitetet i Oslo i 75 % av stillinga si, og skriv Ph.d. om korleis både sentral og lokal utdanningspolitikk blir omsett og uttrykt i det fysiske læringsmiljøet i norske grunnskular. Stavem engasjerer seg aktivt i internasjonale forskings- og praksisnettverk gjennom initiativ som Erasmus+ og Association for Learning Environment. Tidlegare har ho også fungert som prosjektleiar for Nasjonal rådgivingsteneste for skuleanlegg, med ei kontrakt hos Utdanningsdirektoratet i perioden 2014-2019. Hennar betydelege bidrag inkluderer representasjon av Noreg som nasjonal ekspert i OECD-gruppa for fysisk læringsmiljø frå 2015-2019.

Kontakt

Profilbilde av Svein Carlos Nilsen Gjil
Svein Carlos Nilsen Gjil
Ass. komm.direktør/komm.sjef
E-post
Telefon 99 07 88 63
Mobil 99 07 88 63