Medverknad

Undervegs i prosessen vil me legga til rette for ein heil del medverknad. På denne sida får du informasjon om korleis me sikrar breid medverknad på tvers av ulike grupper. 

Medverknad i referansegruppa: 

I prosjektet er det oppretta ei breid forankra referansegruppe som skal møtast ein gong i månaden fram til saka blir lagt fram. Referansegruppa skal gje råd, tilbakemelding og sine perspektiv på relevante område fram mot endeleg saksframlegg. Relevante område vil både vere oppleving av medverknad/prosess, framdrift og resultat av arbeidet. 

Referansegruppa skal også passe på at prosjektgruppa jobbar i tråd med prosjektmandatet, vere ein ressurs for prosjektgruppa, og bidra til å løyse problem eller utfordringar som oppstår undervegs. 

Under finn du meir informasjon om prosjektgruppa, referansegruppa og prosjektmandatet. 

 

 

Andre medverknadsaktørar: 

For å sikre breid medverknad vil me undervegs i prosessen be om innspel frå fagrøyrslene og samarbeidsutvala ved barnehagane og skulane. 

Elevråda i skulane, tilsette og foreldra sitt arbeidsutval (FAU, skule) blir involverte av sine representantar i forkant av samarbeidsutval.

 

Høyringsinstansar til endeleg saksframlegg

Før endeleg saksframlegg vil me spesielt be om innspel frå:

  • Fagrøyrsler 
  • Samarbeidsutval i barnehagar og skular 

 

Høyringa blir elles open for alle andre som ønskjer å gje innspel 

 

Saka blir til slutt handsama av: 

  • Råd for menneske med nedsett funksjonsevne 
  • Ungdomsrådet
  • Levekår
  • Formannskapet 
  • Kommunestyret

Kontakt

Profilbilde av Svein Carlos Nilsen Gjil
Svein Carlos Nilsen Gjil
Ass. komm.direktør/komm.sjef
E-post
Telefon 99 07 88 63
Mobil 99 07 88 63