Orden- og åtferdsreglar

Orden- og åtferdsreglar

Alle har ansvar for å hjelpa til å skapa eit godt læringsmiljø, der alle viser respekt for og omsorg for kvarandre.

Ordens- og åtferdsreglane gjeld i skuletida, på skulevegen, på SFO og ved arrangement under leiing av skulen.

 

Ordensreglementet er heimla i opplæringslova:

§ 9 A-10.Ordensreglement

Kommunen skal gi forskrift om ordensreglement for den enkelte grunnskole, og fylkeskommunen skal gi forskrift om ordensreglement for den enkelte vidaregåande skole.

Reglementet skal gi reglar om rettane og pliktene til elevane så langt dei ikkje er fastsette i lov eller på annan måte. Reglementet skal innehalde reglar om orden og oppførsel, om kva tiltak som kan nyttast mot elevar som bryt reglementet, og om korleis slike saker skal behandlast.

Skolen kan berre nytte tiltak som er fastsette i ordensreglementet. Tiltaka skal ikkje innebere fysisk refsing eller anna krenkjande behandling. Før det blir teke avgjerd om tiltak, har eleven rett til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda.

Ordensreglementet skal gjerast kjent for elevane og foreldra. Kravet i forvaltningslovas § 38 første ledd bokstav c om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.

Kommunestyret har delegert vedtaksretten i § 9 A-10 til rådmannen, som har delegert vidare til rektor ved skulen.

 

§ 9 A-2.Retten til eit trygt og godt skolemiljø

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.