Orden- og åtferdsreglar

2 Åtferd

Eleven skal ha god åtferd.

Det er god åtferd å:

  1. Visa folkeskikk, opptre høfleg og respektfullt ovanfor alle andre ved skulen.
  2. Halda god arbeidsro
  3. Oppføra seg slik at ein ikkje på nokon måte krenkar andre, driva med hardhendt eller farleg leik eller på annan måte skadar seg sjølv og andre
  4. Ta godt vare på skulebøker, anna undervisningsmateriell og all eigedom som høyrer til skulen eller medelevar
  5. Vera på skulen og skuleområdet
  6. Ikkje røyka, snusa eller vera påverka av andre rusmiddel
  7. Ikkje ha snop, brus eller energidrikk med på skulen om ikkje anna er avtalt
  8. Bruka skulen sine læringsbrett og internett i samsvar med underskriven avtale
  9. Alltid spør om lov til å ta bilete, film eller lydopptak og fortelja kva du skal bruka det til
  10. Ha mobiltelefonar/smarttelefonar og smartklokker avslått og ikkje synleg i skuletida dersom ikkje anna er avtalt med lærar
  11. Ikkje ha med farlege gjenstandar eller våpen på skulen sitt område
  12. Ikkje fuska eller forsøka å fuska på prøvar eller innleveringar
  13. Retta seg etter det den vaksne seier