Orden- og åtferdsreglar

3 Tiltak ved brot på ordens- og åtferdsreglane

  • Munnleg påtale frå lærar/inspektør/rektor
  • Melding heim
  • Elevar kan takast ut av gruppa, eller byta klasse, for kortare eller lengre tid. Elevar kan og måtte ta friminutt til andre tider enn det oppsette, for kortare eller lengre tid.
  • Med mindre kommunen fastset noko anna, kan rektor bestemma at lærarane har munde til å ta avgjerd om bortvising frå eiga undervisning for ei opplæringsøkt, avgrensa til to klokketimar. Foreldra til elevar på barnetrinnet skal varslast før det vert sett i verk bortvising for resten av dagen (jamfør Opplæringslova § 9A-11)
  • Elevar visast bort frå undervisninga dersom dei bryt reglementet i alvorleg grad eller fleire gonger. Elevar på 1. til 7. årstrinn kan visast bort for enkelttimar eller resten av dagen, og elevar på 8. til 10. årstrinn kan visast bort for opp til tre dagar.
  • Ved skade på hus, inventar, læringsbrett m/tilhøyrande utstyr eller anna læremateriell, må ein rekna med å erstatta heile, eller delar av skaden (inntil kr 5 000,-). Ein elev som øydelegg noko med uvørden framferd, kan bli sett til å reparera bøker/materiell/inventar. Reparasjon bør gå føre seg utanom skuletida.

 

Før det blir gjort vedtak om bortvising, skal ein ha vurdert andre tiltak. Foreldra skal varslast før ein elev på 1. til 7. årstrinn blir vist bort for resten av dagen. Uttalerett gjeld i høve til alle slags refsingstiltak.