SFO-vedtekter

9 Generelt

  1. Måltid: Barna skal ha med seg mat og drikke til SFO. 
  2. Forsikring: Barna er ulukkesforsikra gjennom kommunen si ordning den tida dei er i SFO. 
  3. Skyss: Skyss frå til og frå SFO er foreldra sitt ansvar. For barn i SFO som er funksjonshemma og mellompels skadde eller sjuke, gjeld Opplæringslova §7 -3, 2. ledd: Elevar som har plass i skulefritidsordninga, jf. Opplæringslova § 13-7, og som på grunn av funksjonshemming og mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss, har rett skyss til og frå skulefritidsordninga. Retten omfattar ikkje skyss i skoleferiane. Retten til skyss gjeld uavhengig av avstanden mellom heimen og skulefritidsordninga. 
  4. Spesialundervisning: Spesialundervisning etter §5-1 i Opplæringslova blir ikkje lagt til SFO-tida. 
  5. Elevane sitt skulemiljø. Reglane om elevane sitt skulemiljø i §9a i Opplæringslova gjeld også for SFO. 
  6. Ordensreglar. Skulen sine ordensreglar gjeld også i SFO-tida. Dette gjeld likevel ikkje reglar om bortvising.