SFO-vedtekter

8 Leiing og bemanning

Rektor er pedagogisk og administrativ leiar for skulen si skulefritidsordning. 

Ein av dei tilsette har ansvaret for den daglege verksemda i SFO. 

SFO skal ha ein forsvarleg bemanning der barna blir ivaretatt med omsyn til omsorg, trivsel og tryggleik. 

Rettleiande bemanningsfaktor er ein vaksen per 15 barn, men dette blir vurdert og bestemt av rektor ut frå alders- og gruppesamansetning.