SFO-vedtekter

4 Opningstid

SFO har som hovudregel opningstid måndag t.o.m. fredag, frå kl. 07.30 om morgonen og stengjer kl. 16.30. 

Rektor ved den einskilde SFO fastset opningstid i høve til behov og kan vurdera lokale tilpassingar. Dette grunna ulike start- og sluttider for skulane. 

SFO er stengt i skuletida. 

Det bør vere minst tre barn på SFO før rektor vurderer å halde ope. Dersom det er færre barn, kan rektor vurdere å gi SFO-tilbod i samarbeid med barnehagen. Der tilhøva ligg til rette for det, kan ein samarbeida med barnehagen om SFO-tilbod morgonar, ettermiddagar og i feriar. 

SFO har som normalordning ope alle skuledagar. Merk at SFO har stengt om sommaren frå og med veke 27 til og med veke 30, og på skulen sine planleggingsdagar. 

Føresette oppgir i søknaden kva pakkar dei søkjer plass for. 

Tid der elevane får leksehjelp, skal ikkje reknast med i SFO-tida. Dette gjeld ikkje for andre kultur- og fritidsaktivitetar.