SFO-vedtekter

6 Plasstype, foreldrebetaling og fakturering

Kommunestyret fastset satsar for foreldrebetaling i SFO. 

Prisen for tilbodet i eitt år vert fordelt på 10 månader. 

SFO er stengt i fire veker om sommaren. 

Ein kan velja mellom følgjande plasstypar: 

  • SFO 1 - 07.30-skulestart + skuleslutt til 15.00 
  • SFO 2 - 07.30-skulestart +Skulesutt til 16.30 
  • SFO 4 - Feriepakke 1 – full ferie 
  • SFO 5 - Feriepakke 2 – ferie tre veker 

 

Tilfeldige skuledagar kan kjøpast for 160 kr pr. dag dersom det er plass. 

Det blir ikkje gitt søskenmoderasjon på tilfeldige dagar. 

Dagleg opningstid i ferien er mellom kl. 07.30 og 16.30. 

 

Desse feriedagane er SFO i utgangspunktet ope: 

  • August: frå veke 31 til skulestart 
  • Haustferie: 5 dagar 
  • Desember: frå skuleslutt t.o.m. 31.12 (jul- og nyttårsaftan til kl. 12.00) 
  • Vinterferie: 5 dagar 
  • Påskeveka fram til og med onsdag før skjærtorsdag kl. 12.00. 
  • Juni: frå skuleslutt og ut veke 26. SFO-tilbod på ferie- og fridagar blir bare gitt for full dag. Tilbodet kan bli lagt til annan skule enn den vanlege på slike dagar. 

 

Søskenmoderasjon og refusjon 

Det vert gitt søskenmoderasjon dersom ein har andre barn i barnehage/SFO. 

 

Fakturering, foreldrebetaling, fritak for foreldrebetaling m.m. 

  • Fakturering. Det vert sendt faktura forskotsvis kvar månad ca. 3 veker før betalingsfrist for dei som har fast plass. Ved kjøp av tilfeldige dagar blir det fakturert etterskotsvis. 
  • Friplass. Friplass eller reduksjon i foreldrebetaling på grunn av familien sin økonomi, vert avgjort etter ”Lov om sosiale tenester” etter søknad til NAV. • Oppseiing av plass i året. Oppseiingsmånaden pluss påfølgjande månad. 
  • Betaling ved stort sjukefråvere. Ved fråvær som er vesentleg større enn vanleg, kan føresette søke reduksjon i foreldrebetalinga for delar av fråveret når det er ein følgje av sjukdom eller skade, funksjonshemming, behandlings- eller utgreiingsopphald på sjukehus eller liknande institusjon. Saman med søknaden må det følgje dokumentasjon av årsak til fråveret. 
  • Misleghald av faktura. Manglande betaling kan føre til at barnet mister plassen i SFO. 
  • Hente for seint. Grunna oppsette arbeidstider er det viktig at barnet blir henta til den tida det er avtalt. Dersom barnet ikkje blir henta innan avtalt tid og fastsett stengjetid i SFO, vil det bli fakturert eit gebyr. 

 

Kommunestyret vedtek til vanleg prisen for opphald i SFO i desember kvart år med verknad frå 1. januar månaden etter. Kommunestyret kan og gjere vedtak om prisjustering elles gjennom året.