Barn med særlege behov

Barn med særlege behov

Lurer du på om barnet ditt har særlege behov?

  • Ta kontakt med barnehagen eller helsestasjonen.
  • Barnehagen eller helsestasjonen kan hjelpa deg å senda ein søknad til PPT.
  • Du kan lesa meir om Pedagogisk-psykologisk-teneste (PPT) på denne sida.
  • PPT undersøker kva behov barnet ditt har. Om PPT konkluderer med at barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp, vil dei skriva ein fagleg vurdering.
  • PPT sender deg den faglege vurderinga. Om du er samd i det som står der, blir den sendt vidare til barnehagen, dersom den seier at barnet har rett på spesialpedagogisk hjelp.
  • Barnehagen skriv eit vedtak. Det betyr at barnet ditt har rett på spesialpedagogisk hjelp i følgje lova.

Har du eit barn med nedsett funksjonsevne?

Då må du som foreldre søka om tilrettelegging for barnet ditt. Dette kan du gjera i lag med barnehagen. Det må leggast ved relevante omtalar i søknaden, frå for eksempel fysio, lege osv.

Klage

Om du ser det nødvendig kan du klaga. Du sender først klagen til barnehagen, dersom kommunen ikkje kan imøtekoma deg, kan du senda klagen vidare til Statsforvaltaren.

Britt Elin Håranes
E-post
Telefon 40 48 22 26
Mobil 40 48 22 26