Kurs i trygghetssirkelen

Kurs i trygghetssirkelen

Trygghetsirkelen handlar ikkje om å bli perfekte foreldre. Godt nok er eit viktig bodskap i dette kurset.

Circle of security kurs - Klikk for stort bileteCOS Circleofsecurity.net

Velkomne til foreldrekurset COS-P

Circle of Security – Parenting (COS-P) er eit foreldrerettleiingsprogram som er basert på 50 års forskning innan tilknytningsteori. Kurset passar for alle. Du treng ikkje å oppleva at foreldrerolla er vanskeleg, eller at barnet ditt har behov for noko spesielt for å delta.

I kurset vil du bli kjent med trygghetssirkelen, ein modell som kan hjelpa deg til å sjå og forstå barnet ditt sine behov og signal, og til å bli tryggare på korleis du kan møta barnet ditt i heile spekteret av følelsar.

 

På kurset blir det lagt vekt på korleis du kan:

  • Observera, tolka og møta barnet sine behov
  • Hjelpa barnet til å regulera eigne følelsar
  • Handtera utfordrande situasjonar ved å være større, sterkare, klokare og god
  • Takla eigen frustrasjon i møte med barnet

 

Kva møter deg på kurs?

Du vil i løpet av kurset vera i gruppe med fleire andre foreldre. På kvar samling vil de sjå filmopptak av andre foreldre og barn. Filmane vil vera utgangspunktet for vidare samtalar i gruppa. Du vel sjølv kor mykje du vil dela av dine eigne tankar og erfaringar. Det vil vera noko heimearbeid mellom kurssamlingane. 

 

Kven er kurset for?

Kurset passar for absolutt alle foreldre med barn i alderen 0-6 år. Du kan delta som foreldre åleine, eller med begge foreldre. Dersom barnet har fleire foreldre er det også greit at fleire deltar. 

 

Kurs hausten 2024

Me setter no opp nye kurs hausten 24:

  • Kurset er gratis
  • Kurset er for deg som har barn i barnehagealder 0-6 år. Det er ein fordel om begge føresette deltar, men ikkje eit krav - du er også velkomen åleine
  • Barn er ikkje med på samlingane
  • Du må forstå norsk godt for å få utbyte av kurset
  • Foreldre frå heile kommunen er velkomne til å delta
  • Du deltar på 9 samlingar frå kl. 14.15-16.15. Første kursdag er 9. september. 
  • Du møter i Erfjord, på grendasenteret
  • Alma Eyfjord Hiim og Linda Mehus Rugland er kurshaldarar. Begge er familieterapeutar og sertifiserte COS-P- kurshaldarar.
  • Påmeldingsfrist er 23. august 
  • Det er første mann til mølla for påmelding, me tar i mot maks 12 personar i kvar gruppe. Kurset kan bli avlyst ved for få påmeldte. 

Datoar:

  • 9. september
  • 16. september
  • 23. september
  • 14. oktober
  • 21. oktober
  • 28. oktober
  • 4. november
  • 11. november
  • 18. november

 

Dersom det ikkje passer å delta no, kan du delta på ny kursrekke med oppstart på eit seinare tidspunkt. Me held kurs med jamne mellomrom. 

 

Sagt av tidlegare kursdeltakarar

«Ein lærer av kvarandre. Og nokre gonger lærer ein, og ser ting annleis, når ein høyrer seg sjølv sei det høgt også.»

«Kjenner at eg ikkje er åleine om opplevingar, tankar og kjensler.»

 

Ønskjer du å delta?

 

Dersom du ønskjer meir informasjon om kurset kan du kontakta kurshaldarane Alma Eyfjord Hiim eller Linda Mehus Rugland. 

 

FolkOm om tryggleikssirkelen

Anne Marie Torsteinbø
E-post
Telefon 91 53 99 24
Mobil 91 53 99 24