Dispensasjon

Dersom byggeplanane dine ikkje samsvarar med føresegnene i gjeldande plan der tomta di ligg (reguleringsplan/detaljplan/kommuneplan), eller er innanfor 100-metersbeltet mot sjø kan du søkje om dispensasjon.  
 

Dispensasjon er omtalt i Kap. 19 i plan- og bygningslova. For å kunne få dispensasjon skal ikkje omsyna bak føresegna du søkjer dispensasjon frå verta sett til side og fordelane skal vera klart større enn ulempene. Då er det ikkje personlege fordelar det ser snakk om, men fordelar for ålmenta og i det heile.

Følg denne lenka til Direktoratet for byggkvalitet
Døme på saker der du må søkje om dispensasjon:

  • Alle tiltak på eigedommar som i kommuneplanen ligg i LNF-område og samstundes  i 100-metersbeltet i strandsona
  • Tiltak som ligg i LNF-område, men utanfor strandsona,  og som ikkje har unnatak som følgje av føresegnene i kommuneplanen.
  • Tiltak som er i strid med føresegnene i gjeldande reguleringsplan/detaljplan for området der eigedommen ligg
  • Dersom tiltaket ikkje oppfyller krava i TEK 10/17.

Korleis søkje om dispensasjon

Søknaden må grunngjevast. Du må leggje ved målsette teikningar av tiltaket og plassere det på situasjonsplan, som også skal vere målsett.  Søknad om dispensasjon må nabovarslast, jf. som for byggesak.  

Saksgang i dispensasjonssaker

Saker som angår nasjonale interesser (alle saker i strandsona, saker i verna område med fleire) vert sendt på høyring til overordna mynde. Det kan gå eit par månader før me får tilbakemelding. I hovudregel rettar kommunen seg etter tilbakemeldingane. Så dersom dispensasjon blir frårådde av regionale styresmakter, er det straks ei vanskelegare sak å få gjennom.

Nokre dispensasjonssaker angår ikkje nasjonale interesser og handsamast utan at dei vert sende til uttale.  

Dersom kommunen ved mottak av dispensasjonssøknad ser at dette ikkje er noko me kan gå inn for, blir søknaden avslått.  Eventuelt blir det tatt kontakt med søkjar for endring av søknad. 

Klagerett

Søkjar har klagerett på alle enkeltvedtak gjort av kommunen.  Det er Statsforvaltaren som er klageinstans.  Klagefrist er 3 veker frå mottak av melding om vedtak.

Kontakt

Silje Helen Færøy
E-post
Telefon 90 24 02 94
Mobil 90 24 02 94