Reguleringsplanar

Ein reguleringsplan gir reglar for korleis areala innanfor eit område kan brukast eller kva slags bygningar som kan bli oppført. Planen er samansett av ein planomtale, eit plankart og planføresegner.  I tillegg kan han innehalde støyrapport, geologiske undersøkingar, eigne planar for handtering av overvatn, renovasjon, med meir.

Om reguleringsplanen

Planomtalen inneheld sjølve beskrivinga av planen, kva ein ønsker å oppnå, samt verknadane av planen.

Plankartet viser kor bustader, vegar, leikeplassar, skolar, osv. skal ligge.

Føresegnene utfyller plankartet og definerer nærare korleis områda kan brukast, kva som kan byggast, kva som skal bevarast, osb. Ofte inneheld føresegnene også reglar om kva som må vere på plass, som til dømes ein meir detaljert plan eller opparbeiding av veg eller leikeplass, før ein kan få lov til å bygge.

Ein reguleringsplan er rettsleg bindande for arealbruken i området. Dette betyr alle tiltak innanfor planområdet må følge plankartet og planføresegnene. 

Korleis finn eg reguleringsplan og føresegner?

Finn reguleringsplan i kartportalen

  • Klikk på kommunevåpenet og marker reguleringsplan i lista som kjem opp.
  • Der me har nye reguleringsplaner vil du sjå heile planen, mens for gamle planer vil du berre sjå omrisset av planområdet.
  • Klikk i kartet innanfor planen du vil ha informasjon om.
  • Til høgre på skjermen kjem det opp ein boks med KARTLAGSINFO, vel reguleringsplan
  • Vel reguleringsplan og du får opp informasjon om den reguleringsplanen du har valt.