Slik søkjer du

Steg o - før du startar

Før du set i gong bør du bestemma deg for kor omfattande byggeprosjektet ditt skal vera. Har du eit mindre byggeprosjekt kan du ofte både bygga og søka sjølv, mens større byggeprosjekt krev at du må bruka fagpersonar i heile søknads- og byggeprosessen.

 

Lurer du på korleis du skal gå fram? Få råd på dibk.no

Steg 1 - Finn planar og reglar for eigedomen din

For å finna ut kva som er tillate på eigedomen din, må du setta deg inn i reglar, planar og føresegner som gjeld for din eigedom. Sjølv om du kun har eit lite byggeprosjekt, kan det nemleg ha store konsekvensar for omgivelsane.

På arealplaner.no kan du søkje opp relevante planar for ditt område. 

På Min side kan du finna informasjon om eigedomen din. N.B, krev innlogging med bank-id.

Lurer du på kva eit situasjonskart er, eller kva det betyr at ein eigedom er regulert eller uregulert? Få råd på dibk.no

Steg 2 - Kor stort kan du bygga på eigedomen din?

Du må rekna ut den totale storleiken på dagens bygningar og på det du vil bygga. 

  1. Finn ut kva slags berekningsmåte som gjeld for eigedomen din (f eks BRA, BYA og %TU). Dette finn du i reglar og føresegner som gjeld for eigedomen.
  2. Lag ei oversikt over storleiken på alt som er bygd frå før
  3. Bruk "Hvor stort kan du bygge" for å rekna ut kor mykje du kan bygga på eigedomen din.
  4. Ta vare på resultatet, siden dette skal med i byggesøknaden din.

 

Treng du meir informasjon om korleis å rekna på kor mykje du kan bygga på eigedomen din? Få råd på dibk.no

Steg 3: Kva må du ta omsyn til?

Sjølv eit lite byggeprosjekt kan ha store konsekvensar for omgivelsane. Du må difor setta deg inn i alle reglar, planar og føresegner for eigedomen din. Synes du det er utfordrande å lesa alle planane? Denne sida kan hjelpa deg med å forstå planane betre. 

Start med å bestille eit situasjonskart over eigedomen. 

Er det avgrensingar som gjer at du må endre på planane dine? Eller er det ikkje mogleg å endre på planane? Då må du søkje om dispensasjon. Dette gir lengre saksbehandlingstid, og kommunen kan seie nei. Dispensasjonssøknaden skal leggjast ved i nabovarslinga. Skjema som kan nyttast til dispensasjonssøknaden finn du her. 

Lurer du på korleis du søkjer dispensasjon? Få råd på dibk.no

Steg 4: Teikne og plassera byggverket

Du treng teikningar som viser kor på eigedomen du vil bygga, og korleis bygningen din skal sjå ut. 

Dersom du skal bygga nytt treng du nye teikningar. Dersom du skal bruksendra rom i boligen din, treng du siste godkjente planar og teikningar. 

Er du usikker på kva teikningar du treng, eller kor du skal finne dei? Få råd på dibk.no

Steg 5: Orientera naboane

Hvis byggeprosjektet ditt krev søknad eller dispensasjon, må du senda eit nabovarsel kor du orienterer naboane om planene dine. 

 

Dersom du må søkja oss om dispensasjon, skal dispensasjonssøknaden også leggast ved nabovarslinga. Dispensasjonssøknaden finn du her. 

Lurer du på korleis du går fram, og kor mange du skal kontakta? Få råd på dibk.no. 

Steg 6: Fyll ut søknaden og send inn

Når fristen for nabovarsling er ute, skal du senda inn søknaden til oss. Pass på at søknaden din er komplett når du sender den inn, då sparer du deg for mykje ekstraarbeid. 

Lurer du på kva søknadsskjema du skal bruka, og kva som skal leggast ved søknaden? Få råd på dibk.no

Steg 7: Få svar på søknaden

Dersom me seier ja til byggeprosjektet ditt, er det berre å starta bygginga. Byggeløyvet gjeld i 3 år, det betyr at du må setta i gang byggearbeidet i løpet av desse 3 åra. 

Hugs å bruka kvalifiserte fagpersonar ved behov! 

Lurer du på kva du kan gjere dersom du får avslag, eller kva du gjer om du oppdager ukjente forhold på eigedomen etter at du har fått byggeløyve? Få råd på dibk.no

Steg 8: Skaff ferdigattest

Når bygget er ferdig, må du søkja oss om ein ferdigattest. Først når ferdigattesten er godkjent, har du lov til å ta i bruk bygget.

Du kan bruke dette skjemaet til å søkje om ferdigattest. 

 

Lurer du på kva du gjer om du byggjer annleis enn det du fekk byggeløyve til? Få råd på dibk.no