Slik søkjer du
Krav om seksjonering vert sett fram ved å fylle ut dette skjemaet.
I tillegg skal følgjande informasjon leggjast ved:
- Situasjonsplan som tydeleg viser plasseringa av bygget med eventuelle grenser for eksklusivt uteareal til seksjonane. Kartportalen Kommunekart kan nyttast til dette.
- Planteikning over etasjane i bygningen, inkludert kjellar og loft som viser tydeleg avgrensing av dei ulike seksjonane. På teikningane skal areal på brukseiningane vise, forslag til seksjonsnummer, og bruken av romma skal vise tydeleg.
- Vedtekter for sameiget.
- Dokumentasjon på at bustadseksjonar fyller krava til å vere sjølvstendige bueiningar etter plan-og bygnignslova.
- Samtykke frå rettshavarar dersom det er tinglyst urådighet på eigedomen.
- Dersom det er fleire eigerar av eigedomen skal dette skjemaet leggjast ved.
Fullstendig krav skal sendast i tre eksemplar til
Suldal kommune
Eidsvegen 7
4230 Sand
Eller på epost til postmottak@suldal.kommune.no
Saksgang
Krav om seksjonering er søknadspliktig. Fullstendig søknad vil bli lagt til oppmålingsgruppa som behandlar søknaden og tinglyser seksjoneringa. Dette skal normalt skje innan ein frist på 12 veker.
Vert det søkt om fordeling av uteareal tilhøyrande kvar seksjon, må det gjennomførast oppmålingsforretning etter matrikkellova før seksjoneringa kan tinglysast. For dette gjeld ein frist på 16 veker.
Kva kostar det?
Her finn du prisar og gebyr.
Klage
Matrikkelføring av seksjonering kan påklagast av berørte partar. Klagefristen er 3 veker, og fristen startar frå den datoen du mottek matrikkelbrev eller underretning om matrikkelføring jf §46 i matrikkellova.
Lovar og reglar
For meir utfyllande informasjon og regelverk sjå:
Eigarseksjonslova
Matrikkellova