Ja. Alle dei gjeldande støtteordningane er publiserte.
Ordningane varar ut 2026.
Du får tilskotet utbetalt når tiltaket er utført, søknaden vurdert og og kommunen har fått kopi av faktura. Me utbetalar støtte til energieffektiviserande tiltak i slutten av kvar månad.
Ja. Dersom du leiger ut leilegheit/hus til bustadføremål (ikkje hytte), kan du få støtte til ei varmepumpe til. Utleigeforholdet må vare meir enn 12 månader.
Me anbefaler næringslivet og lag/organisasjonar å søkja og få innvilga støtte før ein bestiller materiale og tenester, eller inngår avtale med leverandør. Dersom ein set i gong før du får tilsegn gjer ein det på eiga risiko.
Private kan søkja både i forkant og etterkant.
Frist for gjennomføring av tiltaket er eit år, gjeldande frå dato for godkjenning av søknad om støtte. dersom tiltaket ikkje vert gjennomført innan fristen blir vedtaket trekt tilbake. Då må du senda inn ny søknad om støtte.
Ja, kom innom kommunehuset så vil me hjelpa deg. Hugs å ta med dokumentasjon for tiltaket og brikke/mobil som du treng for å logga deg på med bank-id. Dersom du ikkje har bank-id kan du ta med annan gyldig legitimasjon.