Kven kan søkje?
Rekvisisjon av grensepåvising kan gjerast av den som har grunnboksheimel (er eigar av) til eigedomen, festar av eigedomen, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt frå ein av desse.
Slik søkjer du
Ved påvising av eigedomsgrenser skal du nytta søknadsskjema for Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring
I tillegg skal følgjande informasjon leggjast ved:
- Kart som viser kva eigedomsgrenser du ønskjer klarlagt samt kva partar som vert berørt. Kartportalen Kommunekart kan nyttast til dette.
- Eventuelt gamle målebrev, skylddelingar, utskiftingsforretning eller anna informasjon som kan vere relevant for saka.
Fullstendig rekvisisjon skal sendast til
Suldal kommune
Eidsvegen 7
4230 Sand
Eller på epost til postmottak@suldal.kommune.no
Saksgang
Fullstendig rekvisisjon går til oppmåling. Rekvirent og aktuelle naboar blir innkalt til oppmålingsforretning pr. brev med minst 2 vekers varsel eller pr. tlf ved kortare frist enn 2 veker. Dette skal normalt skje innan ein frist på 16 veker.
Er det nymerking av tidlegare oppmålte og koordinatbestemte grenser (oppretta etter 1980), er det ikkje krav om at alle berørte partar møter under oppmålingsforretninga.
Gjeld saka klarlegging av grenser som ikkje er målte tidlegare er det partane som påviser grensene, og umerka grensepunkt blir merka med godkjente grensemerke. Det blir ført protokoll over kva som er utført, og grensepunkta som partane har blitt einige om blir blir målt og ført i matrikkelen. Grensepåvising - klarlegging av eksisterande grense blir ikkje tinglyst. Når grensa er lagt inn i matrikkelen blir matrikkelbrev sendt rekvirenten og berørte parter.
Kva kostar det?
Her finn du gebyr
Klage
Matrikkelføring av klarlagt grense kan påklagast av berørte partar. Klagefristen er 3 veker og startar frå den datoen du mottek matrikkelbrev eller underretning om matrikkelføring jf §46 i matrikkellova.
Lovar og reglar
For meir utfyllande informasjon og regelverk sjå:
Matrikkellova
Vinterforskrift (oppmålingsfrist i vinterhalvåret)