Samanslåing av eigedom

Viss du er eigar av to eller fleire eigedomar og ønskjer å slå desse saman til ein eigedom, kan dette la seg gjere om du oppfyller nokre kriterier.

Ein oversikt over kva som må til for å gjere dette finn du på informasjonssida til kartverket.

Slik søkjer du

Oppfyller du kriteria for å kunne krevje to eller fleire eigedomar slått saman til ein, nyttar du dette skjemaet ved søknad til kommunen.

I tillegg skal følgjande informasjon leggjast ved:

  • Kart som viser eigedomane det gjeld. Kartportalen Kommunekart kan nyttast til dette.
  • Stadfesting av at eventuelt berørte rettshavarar eller liknande er varsla.

Fullstendig rekvisisjon skal sendast til
Suldal kommune
Eidsvegen 7
4230 Sand

Eller på epost til postmottak@suldal.kommune.no

Saksgang

Samanslåing av eigedomar er fritatt søknadsplikt. Fullstendig rekvisisjon vil bli lagt til oppmålingsgruppa som gjennomfører matrikkelføring og tinglysing av samanslåinga. Dette skal normalt skje innan ein frist på 6 veker.

Kva kostar det?

Samanslåing av eigedomar er gratis.

Klage

Matrikkelføring av ei samanslåing kan påklagast av berørte partar. Klagefristen er 3 veker, og den startar frå den datoen du mottek matrikkelbrev eller underretning om matrikkelføring jf §46 i matrikkellova.

Lovar og reglar

For meir utfyllande informasjon og regelverk sjå:

Matrikkellova

Kontakt

Hilde Bergjord
E-post
Telefon 45 72 41 31
Mobil 45 72 41 31