Tilleggsareal til eksisterande eigedom

Viss du vil utvida ein eksisterande eigedom, kan dette gjerast anten som ei grensejustering eller som ei arealoverføring. Det som avgjer kva alternativ som kan nyttast er storleiken på arealet som skal justerast, verdien av justert areal og reguleringsføremål på staden. 

Grensejustering

Grensejustering blir nytta for mindre areal. Her er kravet at arealet som skal justerast ikkje overstig 5% av arealet til den minste av dei to involverte eigedomane med ei maks grense på 500m². Er det arealbyte mellom to eigedomar, er grensa på 20%, men netto justert areal må likevel vera innanfor 5%. Det er og eit krav om at justert areal ikkje har ein verdi som overstig 1 G (G = grunnbeløp i folketrygda) og justeringa må vera i samsvar med gjeldande plan på staden. Ei slik grensejustering er ikkje søknadspliktig etter PBL.

Arealoverføring

Arealoverføring blir nytta dersom arealet som skal justerast ikkje fell inn under kriteria for grensejustering. Dette er søknadspliktig på lik linje med oppretting av ny grunneigedom, og det må søkjast om delingsløyve etter plan- og bygningslova §20-1 og eventuelt jordlova §12.

Kontakt

Hilde Bergjord
E-post
Telefon 45 72 41 31
Mobil 45 72 41 31