Byggje eller grave

Skal du byggja eller grava i nærleik av vass- og avløpsanlegg finn du informasjon her.

Byggje eller grave

Skal du byggja eller grava i nærleiken av vass – og avløpsanlegg må du sjekka kvar vass- og avløpsleidningane er.  

Skal du byggja noko er det viktig å vera klar over at det må vera minst 4 meter mellom bygget/konstruksjonen og det kommunale vass- og avløpsanlegget. Dette er for å sikra at det kommunale anlegget til ei kvar tid er tilgjengeleg for inspeksjon og eventuelle reparasjonar og tilknytingar.  Kravet til avstad gjeld alle bygg, til dømes garasje, bod, mur eller terrasse mv. 

Dersom du vil byggja noko nærare enn 4 meter må du ta kontakta vass – og avløpsavdelinga.  

Før du startar gravearbeid, må du bestilla gravemelding og få påvist kvar røyr og kablar ligg. Du finn oversikta i Ledningsportalen.no - Ledningsportalen. Denne tenesta er tilgjengeleg heile døgnet.  

Avstand til private vass- og avløpsanlegg  

Kommunen set berre avstandskrav til kommunen sitt eige vass- og avløpsanlegg, men det er òg viktig å ta omsyn til både eigne og leidningane til naboar når du skal grave og/eller byggja noko.  

Vêr medviten på at uventa ting kan skje på sikt, som til dømes brot på vassleidning eller kollaps av avløpsrøyr. Då vil det vera naudsynt å ha tilkomme for reparasjon, utan å måtta riva byggverk eller murar.  

Er du i tvil om kvar leidningen til naboen er, kontakt naboen før du startar på jobben.  

Skal du byggja nytt eller gjera endringar på vass- og avløpsanlegget ditt må du kontakte røyrleggjar.