Som ein hovudregel er eigar ansvarleg for alle røyr frå eiga tomt/eigedom og fram til og med koplingspunkt på kommunale røyr. Dette gjeld både vatn, avløps- og overvatn. Det same gjeld ulike typar anlegg på eiga tomt, som til dømes pumpestasjonar, minireinseanlegg, feitt- og oljeutskillar og septiktankar.
Eigar må sjølv kontakta røyrleggar og utbetra feil og manglar ved påvist lekkasje på vatn, avløps- eller overvassrøyr.
Ved utskifting av hovudleidningsnettet til kommunen kan kommunen krevja at eigar må skifta ut vass- og avløpsrøyra sine, eller separera (splitta) avløp og overvatn dersom desse ikkje tilfredsstiller dagens krav.
Illustrasjonane under visar eigarskap når private leidningar er kopla til kommunale vass- og avløpsleidningar.