Kulturmidlar

Foreiningar, lag og klubbar som driv med byggjande og aktiviserande kulturarbeid i Suldal kommune kan søkja om kulturmidlar. 

Om kulturmidlar

Ordninga har som mål å stimulera aktiviteten innan foreiningslivet. Det er eit særleg mål at alle grupper av befolkninga får eit reelt tilbod om aktivisering i si fritid og ein vil difor ta særskilt omsyn til aktiviseringstiltak når tilskot skal fordelast.

Me stiller nokon krav for at ein organisasjon skal få tilskot:

  • Organisasjonen skal yte ein eigeninnsats på minimum kr 100,- pr. medlem/deltakar pr. år. For vaksne over 25 år er eigeninnsatsen kr. 200,-.  Me kan gjera unntak i spesielle tilfelle.

 

Kven kan ikkje få tilskot?

a) Foreiningar som vert drivne på forretningsmessig basis

b) Organisasjonar som har til oppgåve å ivareta medlemene sine yrkesmessige interesser, av dette aktivitetar knyta til bedrifter.

c) Organisasjonar og institusjonar som primært tar hand om medlemene sine politiske, ideologiske eller religiøse eigeninteresser.

d) Paraplyorganisasjonar med medlemslag frå fleire kommunar.

e) Organisasjonar som arbeider aksjonsprega, eller der organisasjonen kan forventast å ha relativt kort levetid.

Organisasjonane under pkt. b og c kan søkje om tilskot til barne- og ungdomsarbeid (ikkje konfirmasjonsundervisning), varige tiltak eller enkelttiltak for alle under 19 år.

 

Søknadsskjema

Du finn søknadsskjema her.

 

Søknadsfrist

Ordinære driftsmidlar: 1. mars, ellers er det råd å søkja på andre tiltak ut over året. Sjå retningslinjer for meir spesifikk informasjon

Me handsamer søknadene om driftsmidlar om våren med utbetaling i juni. Andre tilskotsordningar blir handsama fortløpande.

 

Framdriftsplan

  • 1. februar - Kulturmidlane vert annonsert i ulike kanalar
  • 1. mars - Søknadsfrist hovudfordelinga
  • 15. mars - Tilbakemelding ved eventuelle merknadar til søknaden
  • Innan 25 juni - Utbetaling
  • 01. august- Frist for innmelding av nye spelemiddelsøknader 

Opplysningar om andre kommunale tilskot

I søknaden må du opplysa om:

  • alle kommunale tilskot siste år, type og storleik
  • om det vert søkt om andre tilskot dette året, og frå kven 

 

Organisasjonar med underavdelingar

Søknadar frå underavdelingar/avdelingar/grupper, skal fremjast gjennom hovudstyret i prioritert rekkefølgje, prioriteringa skal underteiknast av leiar.

 

Fleire søknadar frå same post

Organisasjonar med fleire søknadar frå same avsendar skal fremje søknadane frå hovudstyret i prioritert rekkefølgje, prioriteringa skal underteiknast leiar/formann.

 

Aktivitetsplan

Lag og organisasjonar og forsamlingshus skal saman med søknaden om kulturmidlar levere inn ein aktivitetsplan slik at ein veit kva aktivitetar som er planlagde i løpet av året. Dette vil danne noko av grunnlaget for tildeling av kulturmidlar, samt at grendautvala utifrå den kan fordele midlar til arrangement gjennom eit heilt år.

 

Inndraging av tilskot

Tildelt tilskot vert inndrege om det ikkje er nytta innan to år etter tildelingsdato

 

Klage på vedtak

Ved klage på enkeltvedtak gjort av hovudutval, einingsleiar eller hans underordna etter delegasjon, skal klagen setjast fram for vedkomande hovudutval som saksområdet høyrer inn under.

Klagen skal sendast rådmannen ved kultursjefen som utan ugrunna opphald førebur og fremjar klagen for vedkommande hovudutval som kan gjere om eller endre vedtaket.

 

Retningsliner

Her finn du retningsliner for tilskotsordningar for kultur-, idrett og nærmiljøtiltak i Suldal kommune (PDF, 2 MB)