Å følgje opp eigen helse

Å følgje opp eigen helse

I tida som kjem vil det bli mogleg for deg som innbyggar å få eit digitalt verktøy kor helsepersonell kan følgje deg tettare opp sjølv om du bur heime. 

Målet er å fanga opp teikn til forverring på eit tidleg tidspunkt. Dette blir kalla "digital heimeoppfølging". Tilbodet er godt eigna for deg som har kronisk sjukdom som KOLS og hjartesvikt, men det skjer mykje utvikling på området og stadig nye pasientgrupper for tilbod om slik oppfølging. 

Ved digital heimeoppfølging utfører du ulike målingar til avtalt tid, og svarer på spørsmål om helsetilstanden via eit nettbrett eller ein mobil. med dette verktøyet kan hjelpeapparatet følgja deg tettare og fanga opp teikn til forverring på eit tidleg tidspunkt. Dette er viktig for å unngå akutte innleggingar og det bidrar til auka tryggleik og meistring. Ein oppfølgingsteneste vil då gi medisinskfagleg støtte. 

Klikk på dei ulike løysingane under for å få meir informasjon

Digital heimeoppfølging
Velferdsteknologi - Klikk for stort bileteDigital heimeoppfølging Trøndelagsløftet
  • Ved hjelp av teknologi vil det vera mogleg å overføra informasjon om eiga helse til kommunen, fastlegen eller sjukehuset. Denne informasjonen vil bli samla og sendast via eit nettbrett som du har i heimen
  • Helsetenesten kan ta kontakt med deg ved teikn til forverring eller om målingane er utanfor dei normale verdiane
  • Helseinformasjon kan vera målingar knytta til for eksempel blodtrykk, blodsukker, vekt, temperatur, oksygen i blodet, pustekapasitet med meir. I tillegg kan du ha videsamtalar med helsetenesta ved bruk av nettbrettet

Kven kan få tilbod?

Tenesta er for heimebuande eldre eller dei med nedsett funksjonsevne som på grunn av sjukdom eller andre orsaker opplever utryggleik og/ eller har behov for å kunne tilkalla hjelp i akutte situasjonar.

Søknad og handsaming

Du søkjer via Tildelingskontoret. Har du rett på hjelp får du vedtak på tenesta. Det er Ingen søknadsfrist. Alle søknadar blir vurdert kontinuerleg.

Søknadsskjema finn du her

Tildelingskontoret handsamer søknaden og du mottek eit vedtak som seier kva tenester som skal gis, og kor mykje og kor ofte søkjar kan forvente å motta tenester. Sakshandsamar vil ta kontakt så snart som råd etter at søknaden er motteken og avtale eit heimebesøk. Vurderinga skjer i samarbeid med deg og andre fagpersonar dersom du mottek tenester frå før.

Etter søknad er behandla tek kommunen kontakt for å avtala både montering og opplæring om produktet.

Pris

Her finn du gebyr

Klage

Sakshandsamar kan gi råd og rettleiing dersom brukar har behov for å klage på vedtak.

Elektroniske medisindispensarar
Velferdsteknologi - Klikk for stort bileteMedisindispensar Trøndelagsløftet
  • Ein elektronisk medisindispensar hjelper deg til å ta medisinen til riktig tid.
  • Dispensaren seier i frå med lyd og/eller stemme når det er på tide å ta medisin, og dosen blir gjort tilgjengeleg
  • Dispensaren kan automatisk varsla til helsetenesta dersom medisinen ikkje blir tatt til riktig tid. I slikt tilfelle vil helsetenesta kontakta deg
  •  

    Kven kan få tilbod?

    Tenesta er for heimebuande eldre eller dei med nedsett funksjonsevne som på grunn av sjukdom eller andre orsaker opplever utryggleik og/ eller har behov for å kunne tilkalla hjelp i akutte situasjonar.

    Søknad og handsaming

    Du søkjer via Tildelingskontoret. Har du rett på hjelp får du vedtak på tenesta. Det er Ingen søknadsfrist. Alle søknadar blir vurdert kontinuerleg.

    Søknadsskjema finn du her

    Tildelingskontoret handsamer søknaden og du mottek eit vedtak som seier kva tenester som skal gis, og kor mykje og kor ofte søkjar kan forvente å motta tenester. Sakshandsamar vil ta kontakt så snart som råd etter at søknaden er motteken og avtale eit heimebesøk. Vurderinga skjer i samarbeid med deg og andre fagpersonar dersom du mottek tenester frå før.

    Etter søknad er behandla tek kommunen kontakt for å avtala både montering og opplæring om produktet.

    Pris

    Her finn du gebyr

    Klage

    Sakshandsamar kan gi råd og rettleiing dersom brukar har behov for å klage på vedtak.

Kommunikasjon med pårørande med bruk av nettbrett og liknande
Velferdsteknologi - Klikk for stort bileteKommunikasjon med pårørande Trøndelagsløftet

Det er fleire løysingar som kan brukast for å kommunisera digitalt: 

Nettbrett

  • Med nettbrett kan du treffa vener og familie, både dei som bur i nærleiken og dei som bur på ein heilt annan kant av landet eller i verda. Det er mange appar som gir denne moglegheita, til dømes Facetime, Skype, Teams, Messenger og liknande

Komp

  • Dette er ein skjerm for videosamtalar og bildedeling frå vener og familie. Den kan gi tryggleik og selskap, spesielt til deg som ikkje meistrar moderne teknologi
  • Komp kan hjelpa deg i ivareta relasjonar med vener og familie.
  • Skjermen har eit innebygd kamera og kun ein knapp for av/på og volum.
  • Pårørande/andre som blir inviterte til å ta i bruk Komp må lasta ned ein app. Gjennom appen kan ein enkelt senda bilde, meldingar og gjennomføra tovegs videosamtalar. Du inviterer familiemedlemer og vener i appen. 
  • Den er enkel å setta opp, og det er ein sikker løysing som berre inviterte har tilgang til
  • Med Komp kan det bli enklare for alle generasjonar i storfamilien til å kommunisera med kvarandre

Er dette aktuelt for deg?

Du kan kjøpa Komp sjølv på nettet. 

Tildelingskontoret
Telefon 52 79 23 60