Syns- og høyrselskontakt

Syns- og høyrselskontakt

Syns- og hørselskontakten fungerer som NAV-Hjelpemiddelsentral sin forlenga arm inn i kommunen og kan hjelpa deg som innbyggar med å:

  • Kartlegga funksjonsvanskar som følgje av nedsett syn og/eller høyrsel
  • Prøva ut og søkja om tekniske syns- og høyrselshjelpemiddel
  • Tilpassa og gi opplæring i bruk av syns- og høyrselshjelpemiddel
  • Føreslå tilpassingar i heimen din

Syns- og hørselskontakten formidlar ikkje høyreapparat eller briller, det er først då desse tiltaka ikkje har ønska effekt at det er aktuelt med hjelpemiddel frå NAV. 

Korleis kan du ta kontakt?

Du kan kontakta Tildelingskontoret om du ønskjer å koma i kontakt med syns- og høyrselskontakten i Suldal kommune. 

Tildelingskontoret
Telefon 52 79 23 60