Psykisk helse

Psykisk helse

Eit tilbod til deg som har eller står i fare for å utvikle psykisk sjukdom, som opplev ei livskrise eller er pårørande til nokon med psykisk sjukdom.

Tilbodet avheng av situasjonen din og kva som skal til for at du skal få det betre.

Kva tilbyr me?

  • Hjelp til å meistra angst, depresjon og andre psykiske lidingar
  • Kognitiv terapi
  • Støttesamtalar, nettverksarbeid og miljøarbeid
  • Handtering av medisin
  • Dagtilbod med kreativ gruppe
  • Lyrikk-gruppe
  • Individuell plan og ansvarsgrupper
  • Støtte og hjelp til pårørande
  • Hjelp til å finna meiningsfylte aktivitetar
  • Å strukturera kvardagen
  • Støtte til å handtera bu-situasjon
  • Samarbeid med NAV og andre tenester i rehabiliteringsprosess helse/arbeid/fritid
  • Oppfølging av rusrelaterte vanskar, i samarbeid med ruskonsulent (NAV)
  •  

Korleis få tilbod?

Du kan anten ta kontakt med fagleiar på telefon på dagtid, sende søknad til tildelingskontoret eller få tilvising frå fastlegen. Du kan også kontakta miljøterapeutisk teneste for informasjon. Barn og unge under 18 år kan ta kontakt med helsestasjon, eventuelt psykisk helse for hjelp til å finna rett tilbod.

 

Slik søkjer du

Du kan søkja om tilbod ved å fylla ut dette skjemaet.. Det er ingen søknadsfrist og søknadar blir vurdert kontinuerleg.

 

Kva kostar det?

Psykisk helseteneste er gratis.

 

Klage

Sakshandsamar kan gi råd og rettleiing dersom brukar har behov for å klage på vedtak.

 

Treng du nokon å snakka med?

Ring 113 dersom situasjonen er kritisk

Det er betre å ringa ein gong for mykje, enn ein gong for lite. 

Ring 113

Hjelpetelefonar, chat-tenester, støttegrupper

Det finst fleire hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper der du kan dela tankar og kjensler heilt anonymt. Her kan du også få støtte, råd og rettleiing. 

Hjelpetelefonar

Ring Mental helse 116 123

Ring Kirkens SOS 22 40 00 40 

Ring alarmtelefonen for barn og unge 116 111

Ring Kors på halsen (Røde kors): 800 333 21

Fleire hjelpetelefonar, lenke til psykiskhelse.no

 

Chat

SnakkOmPsyken.no (Rødekors)

Fleire chat tilbod, lenke til psykiskhelse.no

 

Ressursar som kan vera til hjelp for deg

Gro Helland
E-post
Telefon 90 14 54 46
Mobil 90 14 54 46
Psykisk helse
Telefon 52 79 23 60

Tlf går til bestillarkontor og psykisk helse

Opningstid

Miljøterapeutisk teneste psykisk helse og rus:

Måndag - søndag: 08.00 - 21.00

Fagleiar:

Måndag - fredag: 08.30 - 15.00

Adresse

Bjødnateigvegen 21

4230 Sand