Vårtelling av hjort

Vårtelling av hjort på innmark gir eit bilete på den relative bestandsstorleiken om våren, og kan seia noko om bestandsutviklinga over tid.

Det interkommunale hjorteviltutvalet

Tellinga går i regi av Det interkommunale hjorteviltutvalet, eit samarbeidsorgan for hjorteviltforvaltning, der kommunane Vindafjord, Etne, Sveio, Haugesund, Karmøy, Bokn, Tysvær, Suldal og Sauda er med.

Bil og lyskastarar

Det blir talt hjort langs faste ruter som er like frå år til år. Dette blir gjort på seks bestemte datoar og til bestemt tid på døgnet. 

I tellinga blir det nytta bil og lyskastarar. Det kan difor vera at du kjem til å sjå dei på kveldstid, då dei vil lysa ut på ekrene frå vegen. 

Kontakt

Turi Ottersland Tjøstheim
E-post
Telefon 98 68 31 04
Mobil 98 68 31 04