Verneområde

Suldal kommune har fleire store og små område som er spesielt viktige for naturen. I Suldal har me 13 verneområde verna etter Naturmangfaldlova. 11 av desse har den strengaste verneforma: Naturreservat. Dei to andre verneområda er satt til verneforma landskapsvern. Suldal kommune har også eitt biotopvernområde, verna etter Viltlova. 

Naturreservat  

Når noko er verna som eit naturreservat, inneber det at områda skal tas vare på slik dei var ved vernetidspunktet og evt. at det kan gjennomførast tiltak for å ta vare på desse verdiane. Slike verneområde er som regel små, og grunneigar får til vanleg ein eingongserstatning for ulempene med vernet. Denne typen områdevern blir satt for å verne om urørt eller tilnærma urørt natur, eller grunna ein spesiell naturtype av betyding. I Suldal kommune har me 11 naturreservat og kommune har delegert forvaltingsmyndigheit i ti av dei.  Alle forvaltningsspørsmål går til Suldal kommune. 

Landskapsvern og biotopvern

Landskapsvern er ein noko mildare verneform i naturmangfaldlova. Dette nyttast for å ta vare på store område med særleg landskapskvalitetar, men der ein ønskjer at bruk innanfor visse rammer skal halda fram som tidlegare. I Suldal er det to slike store verna fjellområde, Dyraheio landskapsvernområde og Kvanndalen landskapsvernområde. Det er Verneområdestyret for Setesdal-Vesthei-Ryfylkeheiane (SVR) som har forvaltningsmyndigheit i desse områda og alle forvaltningsspørsmål går der. Les meir om SVR her.

I mellom desse to områda er nok eit verneområde, Holmavassåna, som er sikra som biotopvernområde etter Viltlova.

Denne sida nyttar informasjonskapslar Trykk her for detaljert informasjon. (Skjul denne meldinga)