Følgjekort

Følgjekort

Har du behov for følgje eller assistanse for å gå på kultur- og fritidsarrangement, kan du søkje om følgjekort. Kortet gir gratis tilgong for ein følgjeperson på offentleg transport og arrangement i kommunen.

Kven kan søkja?

Tilbodet kan vere aktuelt viss du har:

  • Synshemming
  • Røyrslehemming
  • Høyrselshemming
  • Utviklingshemming
  • Tale- og kommunikasjonsvanskar
  • Skjult funksjonshemming(t.d. alvorleg psykis lidingar, hjarte- og lungesjukdommar, allergiar o.l.)
Slik søkjer du

Du finn søknadsskjema her, eller du kan venda deg til Servicetorget. For å handsama søknaden din treng me legeattest og passfoto. Når søknaden er innvilga vert beviset sendt per post eller utlevert ved Servicetorget.

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist og Servicetorget handsamar søknadane etter kvart som dei kjem inn.

Kva kostar det?

Du kjøper billett til ordinær pris, men får ta med deg ein følgjeperson gratis på stadene som aksepterer følgjekort.

Klage

Eit eventuelt avslag på søknaden vert gitt skriftleg og med grunngjeving for avslaget. Kommunen kan gje rettleiing ved ei klage. Du sender klagen til kommunen som vil vurdere saka på nytt.

Barbara Osk Olafsdottir
E-post
Telefon 45 61 45 93
Mobil 45 61 45 93

Adresse

Eidsvegen 7

4230 Sand